Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Viana til Navarrete

16. mai 2010 av Stuttfeiten


Naar vi vakna loerdagen var veiret omtrent som det brukar aa vere paa Stad 17. mai: kaldt og rasande nordavind fraa alle kantar. Men med litt regnkle som brynje mot vinden holdt vi varmen likevel. Fraa Viana gjekk turen nedover dalen mot Logrono. Vi stoppa ved elva og hadde ei god frokostpause. Eg trur knapt det finst ein betre maate aa starte dagen paa enn med choritzo, ost og ein kopp god vin (men ser for meg at eg kan faa forklaringsproblem om eg blir stoppa i Brandsoeya etter ein slik start paa arbeidsdagen heime). Paa veg ned mot Logrono sentrum vart vi inviterte inn til ei gammal dame for aa faa stempla passa vaare og drikke ein kopp kaffi. Det var ei kjaerkomen unnskyldning til aa ta av seg sekken. Like utanfor Logrono passerar ein grensa mellom Navarra og La Rioja. Logrono er ein stor by og hovedstad i La Riola, men det virka som dei har ikkje mykje gul maling til overs for aa merke stien med dei etter kvart kjende gule pilene. Med hjelp av ein bryllaupsgjest utanfor ein restaurant fann vi likevel vegen ut av byen. Dei neste 12 km gjekk vi berre og kosa oss. Det var saa mykje aa ta bilde av at vi knapt merka at vi gjekk opp ein mordarbakke. I 7-tida kom vi til Navarette, nok ein postkort-landsby med gamle hus. Det var berre 3 ledige sengar daa vi kom til herberget og eg trur dei to svenske gutane som kom like etter oss angra paa at dei ikkje gjekk forbi oss.

Kategori: Camino de Santiago
Stikkord: 1 kommentar

Har du noko å sei om denne saka?

1 svar til no ↓

  • 1 Øystein mai 16, 2010 at 11:26

    Og du sa nei takk til kaffi og ja takk til meir vin? :-0