Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

På tur i Aurlandsdalen juni 2009

20. juni 2009 av Stuttfeiten

Vi hadde lenge snakka om å ta ein tur gjennom Aurlandsdalen, "Norge sitt svar på Grand Canyon", og i begynnelsen av juni var stunda komen. Turen starta egentlig i Bergen med ein tur på Koengen der Bruce Springsteen heldt hoff. Ut på kvelden etter at konserten var slutt køyrde vi til Aurland og tok inn på pensjonat der seint på natt. Etter eit par timar søvn tirsdag morgon, tok vi bussen opp til Østerbø Fjellstove. Bilen fekk vi parkere ved pensjonatet i Aurland til vi kom ned igjen. Østerbø Fjellstove er ein privat overnattingsstad, men dei gjev rabatt til medlemmar i Turistforeninga, så vi kosa oss med god middag før vi tok tidlig kveld med eit håp om å ta igjen litt søvn etter den korte natta før. Onsdagen starta med ein flott frokostbuffet. Betjeninga på Østerbø Fjellstove gjer forresten ein veldig god jobb og har høg kvalitet over heile linja; mat, romstandard, reinhald og serviceinstillinga til dei som jobbar der er heilt upåklagelig. Etter frokost pakka vi litt mat i sekken og tok turen oppover dalen for å sjå oss litt rundt. Vi gjekk stien opp forbi Grønestølen og opp til Øyestølsvatnet. Der var det lunsjpause med gryterett på stormkjøkenet. Sjølv om det var tidleg sommar så var det herlig å sitje i solveggen og brune seg litt mens maten kokte. På veg ned igjen mot Østerbø begynte det å regne litt igjen utan at det kunne øydelegge verken humør eller den avslappande turen. Så var det nok ein strålande middag på Østerbø Fjellstove før det vart natta og tid for å lade batteria til turen ned dalen dagen etter. Det var planlagd tidleg avgang frå Østerbø torsdag for å rekke bussen frå Vassbygdi til Aurland kl. 18:40, men ved frokostbordet over eggerøre og røykelaks fann vi ut at det ikkje hasta så brennjævlig med å komme seg avgarde. Klokka var derfor nesten 10 før vi hadde snøra støvlane og var på veg. Aurlandsdalen kan visstnok vere ganske folksom på sommaren, slik at ein enkelte gongar omtrent må gå i kø opp- eller nedover dalen. Vi såg berre eit par menneske på heile turen nedover, så vi hadde egentlig heile dalen for oss sjølve. Eg skal la bilda tale for seg sjølv, men skal berre kort nemne høgdepunkta på turen nedover.
  • Matpause med varm mat mellom Berekvam og Vetlahelvete, omtrent der Bjødnastigen kjem ned.
  • Kjapt bad i Vetlahelvete - Storhelvetes kaldt!
  • Havrekjeks med sjokolade på Sinjarheim
  • Almen, der Vimsa sette seg i ei tue med brennesle - Flaks at Stuttfeiten hadde med lommelerke med vodka til utvortes fyrstehjelp!
  • Rasområdet nedanfor Almen - det må vere eit himla rabalder når 1000 tonn stein ramlar hundredevis av meter nedover fjellsida
At vi kom for seint til bussen frå Vassbygdi til Aurland var vel egentlig ikkje noko hødgepunkt, men vi storkosa oss i drosja med ein trivelig sjåfør. Så henta vi bilen og køyrde til Sanden pensjonat i Lærdal der såre kne fekk kvile seg.

Kategori: Fjellturar
Stikkord:   · · · · · Ingen kommentarar.

Har du noko å sei om denne saka?

0 svar til no ↓

  • Her er det ingen kommentarar endå....Lat snøballen begynne å rulle ved å fylle ut skjemaet.