Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Svenske med ny norgesrekord – Kveite på 196 kg!

16. november 2008 av Stuttfeiten

Ulf Hugsen frå Sverige slost i ein og ein halv time før han fekk ombord ei kjempe-kveite ved Kvaløya i Troms. Med kveita som vart tatt på stang, målte 241 x 128 cm og vog 196 kr sette han ny norgesrekord og slo den gamle med 6 kg. Han knuste også sin tidlegare personleg rekord med 171,5 kg. Det kan kallast framgang! Å få eit slikt beist opp i båten er ein prestasjon. Eg har sjølv fiska kveite ved Grønland, og syns det var eit styr å få ombord kveiter som vog halparten av det kveita til Ulf gjorde. Gratulerer Ulf! Du kan lese heile historia og sjå bilde av kveita på nettutgåva av Nordlys.

Kategori: Annet nytt
Stikkord:   · · · Ingen kommentarar.

Har du noko å sei om denne saka?

0 svar til no ↓

  • Her er det ingen kommentarar endå....Lat snøballen begynne å rulle ved å fylle ut skjemaet.