Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Sekken er pakka

3. mai 2010 av Stuttfeiten

Saa er sekken pakka og neste veke er det avreise til Bilbao og starten paa vaarens vakraste eventyr, Stuttfeiten og Vimsa paa spasertur fraa Pamplona til Santiago de Compostela og vidare ut til havet. 28 dagar. 550 km til fots. Sol og regn, roedvin og laushundar, svette og gnagsaar. Fraa Pamplona blir det apostelens hestar gjennom vindistrikta Navarra og Rioja. Planen er deretter aa ta buss mellom Burgos og Leon og gaa dei siste vel 400 km fraa Leon til Santiago (og Fisterre/Finisterre). Dette teiknar til aa bli ein episk ekspedisjon. Litt med haap om at namnet skal gje oss jernvilje som toeffingane som var paa tur med Monsen og sidan vi skal ferdast i eit temperert klima har vi gitt ekspedisjonen namnet "Uten Genser". Skal proeve aa oppdatere bloggen via mobil (testing testing), og saa litt fyldigare om vi kjem oss paa nett av og til. Sidan eg ikkje kan skrive norske bokstavar (mobilposting funkar ikkje naar det vert brukt ae, oe eller aa) kan det hende eg byter til engelsk og overset innlegga naar vi kjem heim. Om vi kjem oss paa nett av og til skal eg proeve aa legge ut litt meir bilder og fyldigare info om kvar vi er og kva vi styrer med.
[tags]santiago, camino, spania[/tags]

Kategori: Camino de Santiago
Stikkord:   · · 3 kommentarar

Har du noko å sei om denne saka?

3 svar til no ↓

  • 1 Minstesysta mai 4, 2010 at 20:58

    Hurra! Pass godt på dokka sjøle, eg har hørt at spansk mygg kan vere aggresiv! 🙂 Husk solkrem på nasa og souvenira til systrene! 😀 Ha en strålande tur!

  • 2 Øystein mai 8, 2010 at 11:26

    Det skal bli kjekt å følge med dåkke på turen. Merkelig att det ikkje går å poste med æøå – kanskje på tide med ny mobil?

  • 3 Stuttfeiten mai 8, 2010 at 21:27

    Det er vel ikkje så mykje telefonen som innstikket eg brukar for å køyre ut epostar. WordPress har fortsatt ikkje fått orden på sin «post-by-email» funksjon. Dvs. den virkar på wordpress.com-bloggar, men ikkje om ein installerar på eigen server.

    Men for all del, eg har ein kammar-telefon. Gledar meg til eg mistar den i vatnet så eg kan kjøpe ny.