Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Puente la Reina til Estella

12. mai 2010 av Stuttfeiten


Hmm kva kan ein seie om livet på pilegrimherberga? Gjekk til sengs i gaar kveld og ante fred og ingen fare. Var troett som ei fele etter litt rangling siste dagane og somna fort. Men so, kl ca fem paa to om natta vakna underteikna av snorking. Ikkje saann vanlig, men det var eit jaevla orkester. Decibel? Hah! Kilobel!! Det var spesielt to stykker som utmerka seg. Ein mann som sov attmed doera og ei dame i ei av dei nederste sengane. Himmel, hav og helvete, kor er arbeidstilsynet naar ein treng dei? I fire-tida stilna det, men daa var Stuttfeiten saa irritert at han maatte paa do. Somna etter halv fem, og klokka ti over halv seks begynte tyskarane aa staa opp og muntre kvarandre med aa le hoegt og slaa med doerene. Dei er nok vande med aa staa opp tidlig for aa legge handdukane sine ved bassenget... Kvart over 8 vart vi kasta ut av herberget (for det var ikkje rom aat dei (dei stenger for aa gjere klart til nytt innrykk etter 12)) og saa var vi paa veg. 24 km og 9 timar seinare (deri to kaféstopp og ein to-timars siesta mellom vinrankane (vi laerer fort!)) kom vi til Estella. Ei perle midt i Navarra. Eg håpar nokon stel passet mitt slik at eg maa bu her resten av livet. No er klokka straks ti og kvartermesteren staar med handa paa lysbrytaren. I morgon ventar ein ny dag paa Caminoen. Vamos a Santiago!

Kategori: Camino de Santiago
Stikkord: 1 kommentar

Har du noko å sei om denne saka?

1 svar til no ↓

  • 1 Eva mai 13, 2010 at 16:15

    Er egentlig kjempemisunnelig. Det høyres fantastisk ut, bortsett i fra tyskarane:) Sikkert en god ide om du skriver ae, oe, aa…. ellers blir det litt rart å lese på bloggen din:)