Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Portomarin til Palas de Rey

29. mai 2010 av Stuttfeiten


No begynner det aa kjennast i beina på slutten av dagen. Flott natur og god mat paa dei fleste kaféar langs vegen kan ikkje heilt smoere knirkande hofter og kne. Turen fredag vart litt over 26 km. Og sjoelv om vi var troette gjekk vi dei siste 5 km paa 50 min. Ny pers! Palas de Rey har kanskje sett ut som eit kongepalass ein gong, men ikkje i dag. No er det ein vanleg smaaby med eit og anna falleferdig hus, gamle koner paa benken paa torget og graa bustadblokker. Herberget Buen Camino er ganske nytt. Vi fekk dei to siste ledige plassane og vart viste til koeyene vaare. Vi tok tidlig kveld, men det var det ikkje alle som gjorde. Kl halv elleve vart vi vekte av to pilegrimar som hadde brukt kvelden til aa drikke vin i staden for aa vaske sokkane sine og pusse tenner. Sokkane veit eg ikkje heilt, men dei hadde jaffal ikkje pussa tennene sine. Dei paastod temmelig hardnakka at Vimsa hadde knabba senga til den eine av dei. Vi proevde aa forklare dei at det var tullprat og at De Herrer vennligst maatte ta det opp med verten om dei meinte at det hadde skjedd ein misforstaaelse i staden for aa vekke eit heilt herberge med falske og hoegst haarreisande anklagar. Tullingane ville ikkje hoeyre etter før ein svaer tysker i nabokoeya trua med aa staa opp. Trur det var fleire enn han som var galen etter kvart. Men gemyttane roa seg, eine svirebroren sov på golvet og roa senka seg til slutt. For fisketur.net i Spania: Stuttfeiten og Vimsa.

Kategori: Camino de Santiago
Stikkord: Ingen kommentarar.

Har du noko å sei om denne saka?

0 svar til no ↓

  • Her er det ingen kommentarar endå....Lat snøballen begynne å rulle ved å fylle ut skjemaet.