Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Palas de Rey til Arzua

30. mai 2010 av Stuttfeiten


Klokka halv seks loerdag morgon hadde dei to surkukane fraa kvelden foer toerka saapass opp at dei kunne begynne aa braake igjen. Dei lyste rundt seg med blinkande lykter og snubla likevel i sekkane sine. Skulle nesten tru dei proevde aa ta hevn ved aa vekke alle. Dei lukkast i alle fall med det. Men sidan vi var vakne og hadde ein lang tur framfor oss var det like greit aa ta morgonstellet og kome seg i veg. 30 km venta paa oss. Mykje av turen gjekk gjennom eukalyptusskog med ein og annan palme her og der. Vi kryssa mange smaa elvedalar saa sjoelv om landskapet var ganske flatt vart det ein del motbakkar. Trass i ein lang spaghettistopp i Melide, der dagens bilde er fraa, vart turen lang. Vi var temmelig sletne daa vi kom fram til Albergue Don Quijote i 7-tida om kvelden. Nytt fint herberge med gode sengar og beste kvila heile turen.

Kategori: Camino de Santiago
Stikkord: Ingen kommentarar.

Har du noko å sei om denne saka?

0 svar til no ↓

  • Her er det ingen kommentarar endå....Lat snøballen begynne å rulle ved å fylle ut skjemaet.