Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Los Arcos til Viena

14. mai 2010 av Stuttfeiten
Svar

I dag vakna vi friske og opplagde i 7-tida. Saa var det litt kaldt vatn i ansiktet, kjapp pakkking av sekken og kaffi/kakao til frokost foer vi tok av fraa Los Arcos i retning Longrono. Det vart nok ein dag i fantastisk landskap, med vinranker paa begge sidene av vegen. No vil ikkje kortlesaren paa denne leige-pc-en virke, saa det vert ingen bilder (har ikkje batteri paa fonen heller). Men bilda faar vi ta igjen seinare. I Sansol trefte vi ein liten flokk med ungar som spela fotball med ein ball utan luft. Vi leika litt med dei og tok (paa forespoersel) masse bilder av dei. Dei kosa seg naar dei fekk sjaa bilda etterpaa, og naar eg tenkjer paa kor mykje folk som gaar denne vegen, vil eg tru at dette er blandt dei mest fotograferte ungane i verda. Soek paa children +sansol paa google images, og du finn sikkert hundredevis. Saa labba vi vidare. og paa dagens hoegste punkt 570 moh hadde vi sieasta. Det virka som om fleire av dei forbipasserande var misunnelige paa oss der vi sat med godt broed, skinke, ost og ei pikkurandes lita flaske El Coto. Vi fekk ogsaa selskap av ei brasiliansk dame som berre saa vidt klarte aa stavre seg ut av vegen og legge seg ned. Ho hadde veldig hovne bein, og hadde det veldig vondt, men verken ost eller skinke kunne faa ho paa beina igjen. Ho forsikra oss om at det skulle gaa bra med ho, saa vi gjekk vidare etter ei stund. Men daa vi kom til Viana og hadde 9 km igjen til dagens maal, fann vi ut at vi skulle ta oss ein kviledag. Det vart likevel litt over 22 km, og vi foelte ingen spesiel trang til aa sette ny verdensrekord i aa gaa langt. Saa no har vi lagt oss inn paa eit herberge i eit gammalt kloster. Vi har dusja og vaska kle, og har ein fantastisk utsikt over det resterande av Navarra og inn i La Rioja til Logrono. Tippar vi kryssar grensa inn i La Rioja i 10/10.30 tida i morgon. Daa skal det bli skikkelig Camino! Er som sagt tom for batteri paa fonen, men skal sjaa om eg faar ladda ein dag. Kos daakke alle sammen heime. Vimsa helsar ogsaa.

Estella til Los Arcos

13. mai 2010 av Stuttfeiten
Svar


Dagens distanse: 24 km Vi vakna forsiktig i dag. Senor Hospitalero skifta lysa paa noedutgangane fraa svakt raudt til groent og med det skifta stemninga til ein slags Alien stemning som der Ripley vakna etter x antal lysaar. Sidan Vimsa hadde tatt med oeyrepropper (gud velsigne ho for aa vere framsynt) vakna eg av lysskiftet og ikkje av tyskerane som begynte aa braake. Saa hadde verten seg ein tur rundt i lokalet for aa sjekke foetene til folk foer han sleppte oss ut. Dei som ikkje passerte kontrollen vart plastra og smurde. Albergue ANFAS i Estella er ein god plass aa bu. 6 euro for straalande service er ingenting naar ein veit at overskuddet gaar til psykisk utviklingshemma i bygda. Gje gjerne ein ekstra slant om du gaar forbi ein dag. Turen gjekk ut av Estella og pulsen steig. For kvart skritt kom vi eit steg nermare "The Mother Ore", vinfontena i Irache. Og saa med eitt var den der. Smijern og rustfritt staal, vaapenskjold og webkamera. Og kranen, noekkelen til saligheta... Eg har tatt med drikkebeger faanyttes mange gongar men i dag vart det full klaff. Gratis vin (sponsa av Bodegas Irache) gjorde godt i kalde skrottar. (8 grader og pissregn i dag tidleg.) Ca 3 timar forsinka forlet vi Irache (om du nokon gong staar med ei vinflaske merka Irache, Navarra saa ver klar over at det er eit kvalitetsstempel). Turen gjekk vidare gjennom Villemayor de Monjardin til Los Arcos der vi har faatt oss rom med ein gjeng fraa Belgia som driv eit herberge. I morgon gaar turen inn i La Rioja, det heilage land, til Logrono.

Puente la Reina til Estella

12. mai 2010 av Stuttfeiten
Svar


Hmm kva kan ein seie om livet på pilegrimherberga? Gjekk til sengs i gaar kveld og ante fred og ingen fare. Var troett som ei fele etter litt rangling siste dagane og somna fort. Men so, kl ca fem paa to om natta vakna underteikna av snorking. Ikkje saann vanlig, men det var eit jaevla orkester. Decibel? Hah! Kilobel!! Det var spesielt to stykker som utmerka seg. Ein mann som sov attmed doera og ei dame i ei av dei nederste sengane. Himmel, hav og helvete, kor er arbeidstilsynet naar ein treng dei? I fire-tida stilna det, men daa var Stuttfeiten saa irritert at han maatte paa do. Somna etter halv fem, og klokka ti over halv seks begynte tyskarane aa staa opp og muntre kvarandre med aa le hoegt og slaa med doerene. Dei er nok vande med aa staa opp tidlig for aa legge handdukane sine ved bassenget... Kvart over 8 vart vi kasta ut av herberget (for det var ikkje rom aat dei (dei stenger for aa gjere klart til nytt innrykk etter 12)) og saa var vi paa veg. 24 km og 9 timar seinare (deri to kaféstopp og ein to-timars siesta mellom vinrankane (vi laerer fort!)) kom vi til Estella. Ei perle midt i Navarra. Eg håpar nokon stel passet mitt slik at eg maa bu her resten av livet. No er klokka straks ti og kvartermesteren staar med handa paa lysbrytaren. I morgon ventar ein ny dag paa Caminoen. Vamos a Santiago!

Puente la Reina

11. mai 2010 av Stuttfeiten
Svar


Saa kom vi oss omsider til startstreken. Puente la Reina, brua til dronninga. Brua vart bygd paa ordre fraa ei dronning som syns synd paa pilegrimane som maatte symje over elva. No ventar ein trerettars menu de peregrinos og ei lita flaske vino tinto foer det er natta. Lights out kl 22!

Oskefast i Frankfurt

11. mai 2010 av Stuttfeiten
Svar

Det var med ei viss spenning i kroppen vi starta turen. Men oskemeldingane saag ganske bra ut, og vi var i godt humoer naar vi skulle gaa ombord i flyet Frankfurt-Bilbao. 10 min foer avgang kom meldinga om at flighten var kansellert, at det ikkje fanst alternative fly og at vi kunne faa togbillett i staden. Tog er bra, men det som ikkje er bra er aa sitte i koe med 300 pers foran deg. Omsider kom vi fram til Lufthansa-skranken og Halleluja; det fanst fly til Bilbao likevel. Vi maatte berre ein snartur via Brussel. Saa 7 timar forsinka kom vi til Bilbao sist natt. I dag er det overskya og ca 17 grader (?) og turen gaar vidare til Puente la Reina.

Sekken er pakka

3. mai 2010 av Stuttfeiten
Svar

Saa er sekken pakka og neste veke er det avreise til Bilbao og starten paa vaarens vakraste eventyr, Stuttfeiten og Vimsa paa spasertur fraa Pamplona til Santiago de Compostela og vidare ut til havet. 28 dagar. 550 km til fots. Sol og regn, roedvin og laushundar, svette og gnagsaar. Fraa Pamplona blir det apostelens hestar gjennom vindistrikta Navarra og Rioja. Planen er deretter aa ta buss mellom Burgos og Leon og gaa dei siste vel 400 km fraa Leon til Santiago (og Fisterre/Finisterre). Dette teiknar til aa bli ein episk ekspedisjon. Litt med haap om at namnet skal gje oss jernvilje som toeffingane som var paa tur med Monsen og sidan vi skal ferdast i eit temperert klima har vi gitt ekspedisjonen namnet "Uten Genser". Skal proeve aa oppdatere bloggen via mobil (testing testing), og saa litt fyldigare om vi kjem oss paa nett av og til. Sidan eg ikkje kan skrive norske bokstavar (mobilposting funkar ikkje naar det vert brukt ae, oe eller aa) kan det hende eg byter til engelsk og overset innlegga naar vi kjem heim. Om vi kjem oss paa nett av og til skal eg proeve aa legge ut litt meir bilder og fyldigare info om kvar vi er og kva vi styrer med.
[tags]santiago, camino, spania[/tags]

Nytt laservåpen mot mygg – The Photonic Fence

19. februar 2010 av Stuttfeiten
Svar

Den nye myggkverkaren Photonic Fence er utvikla som eit hjelpemiddel i kampen mot malaria, sjukdomen som tek livet av rundt ein million menneske rundt om i verda kvart år.. Systemet virkar ved at ein infraraud stråle registrera at myggjævelen flyg forbi, og deretter brukar det ein laser for å ta livet av det flygande utysket. Andre insekt som sommarfuglar, humler og bier vert ikkje rekna som fiendlege av denne høgteknologiske luftvernkanona og slepp uskadd forbi. Sidan systemet til og med kan skilje mellom ho- og hannmygg, reknar eg med at vi kan programmere det til å ta livet av norsk mygg og knott også. Heilt sidan eg såg Star Wars fyrste gongen har eg vore sikker på at laservåpen ein dag skulle kunne brukast til noko nyttig. Ein slik sak skal i alle fall eg ha med ut på tur så snart eg får tak i ein. Anti-myggmaskina vart utvikla av eit firma som heiter Intellectual Ventures etter at dei vart utfordra av Bill Gates (gjennom stiftinga The Bill and Melinda Gates Foundation). Videoen nedanfor viser myggjagaren i aksjon. [Les heile historia →]

Fem dagar i Rondane i september 2009

22. september 2009 av Stuttfeiten
Svar

Heilt sidan "tidenes litt ut på dagen" hadde vi snakka om å ta ein tur i Rondane (det var egentlig Vimsa som snakka mest sidan ho har vore der før), og ein fin dag i september var dagen komen. Stuttfeiten tok av heimanfrå tidleg mandags morgonen for å hente Vimsa i 10-tida. Og tru det eller ei, men ho var faktisk spent klar til avgang 🙂 Så vi sette fyrst kursen mot Stryn, der vi stoppa ei stund for å shoppe litt. Det vart fleire stopp, bl.a med middag på Fossheim på Lom, før vi kom til Otta ut på ettermiddagen. Der vart siste nødprovianten handla inn før vi køyrde oppover bakkane mot parkeringsplassen på Spranget. Med bilen godt parkert og sekkane på ryggen, la vi i veg frå Spranget i 7-tida på kvelden. Etter nokre hundrede meter måtte Stuttfeiten snu for å sjekka at bilen var låst (og det var den sjølvsagt, flaks at eg her ikkje begynte å lure på om eg slo av omnen før eg reiste heimafrå). Det var ein fin tur innover til Rondvassbu i skumringa, slett ikkje vanskelig å holde tempoet oppe sidan det var observert bjørn i området tidlegare, og vi var komne heilt inn i resepsjonen på Rondvassbu før Stuttfeiten oppdaga at lommeboka låg igjen i den låste bilen på parkeringsplassen... [Les heile historia →]

Fisketur til Langesjøvatnet på Ålfotfjellet

25. august 2009 av Stuttfeiten
Svar

Her om dagen fann vi ut at vi skulle ta oss ein tur på Ålfotfjellet. Det skulle ikkje bli nokon lang tur, men vi ville ha oss ei natt i teltet utan å bere sekken så alt for langt, og så tenkte vi å prøve om vi fekk fisk. Vi sette opp teltet nær utoset frå Langesjøvatnet. Det tok si tid å finne ein bra teltplass sidan det var ganske vått i marka, men ved murane etter eit gamalt naust(?) fann vi ein fin stad der det akkurat var plass til teltet. Det var sein ettermiddag når vi var klare til å prøve fiskelykka. Vi prøvde med fluge og dupp, spinnara og slukar, men uansett kva vi frista med, vart det ikkje mykje fangst. Så etter nokre timar utan resultat fekk vi samla litt ved og tende oss eit bål så vi fekk steike pølser og varme vatn til solbærtoddyen. Vi hadde proviantert ganske bra sidan vi ikkje skulle gå noko lang tur, så vi hadde det veldig bra på fjellet denne mørke augustkvelden. Ikkje var knotten så veldig plagsom heller, så det var med fred i sinnet vi tok kvelden. Etter at natteroa hadde senka seg, vakna vi til av ein lyd utanfor. Sofus var still, kanskje sov han tungt etter ein aktiv dag? Merkeleg at han ikkje reagerte på lydane, men det var eit eller anna som bevega seg der ute. [Les heile historia →]

Middag på kanten av stupet

31. juli 2009 av Stuttfeiten
Svar

Sist helg drog Stuttfeiten med seg tre bakfulle svenske tjeier til fjells for å nyte storfegryte (takk til XXL for gode tilbud) til middag. Turen gikk frå Stømsneskrysset, over Haukåvatnet og opp Dyrestien til Grisebotsvatnet (samme ruta du kan lese om her). Nokre av oss hadde vore ute på fest heile natta til klokka 8 på morgonen, så det var ein delvis trøtt gjeng som labba seg oppover. Men pågangsmotet var der, og det gjekk greit oppover. Vel oppe på kanten ved Grisebotsvatnet gjekk vi på sørvestsida av vatnet i staden for å fortsette mot Børavatnet. Det var tørt og fint i marka, så det gjekk fint å hoppe over elva som renn frå vatnet og utfor kanten. [Les heile historia →]

Hatlesetnipa juni 2009

25. juni 2009 av Stuttfeiten
Svar

Etter å ha kome heim frå ein flott tur gjennom Aurlandsdalen bestemte Stuttfeiten og Vimsa seg for å ta ein tur på Hatlesetnipa for å strekke litt på støle bein. Turen gjekk opp frå Grov, fyrst på skogsveg, og vidare på stien oppover gjennom skogen. Går du turen litt ut på sommaren, kan det vere eit tips å ta med bærplukkaren eller ein kopp til å plukke blåbær i. Massevis av lyng i heile skogen. Det vart ein flott tur i det fine vêret, men det vart berre opp og rett ned igjen sidan det var ein liten lufting på toppen og vi ikkje hadde allverda med kle på. [Les heile historia →]

På tur i Aurlandsdalen juni 2009

20. juni 2009 av Stuttfeiten
Svar

Vi hadde lenge snakka om å ta ein tur gjennom Aurlandsdalen, "Norge sitt svar på Grand Canyon", og i begynnelsen av juni var stunda komen. Turen starta egentlig i Bergen med ein tur på Koengen der Bruce Springsteen heldt hoff. Ut på kvelden etter at konserten var slutt køyrde vi til Aurland og tok inn på pensjonat der seint på natt. Etter eit par timar søvn tirsdag morgon, tok vi bussen opp til Østerbø Fjellstove. Bilen fekk vi parkere ved pensjonatet i Aurland til vi kom ned igjen. We cannot display this gallery Østerbø Fjellstove er ein privat overnattingsstad, men dei gjev rabatt til medlemmar i Turistforeninga, så vi kosa oss med god middag før vi tok tidlig kveld med eit håp om å ta igjen litt søvn etter den korte natta før. Onsdagen starta med ein flott frokostbuffet. Betjeninga på Østerbø Fjellstove gjer forresten ein veldig god jobb og har høg kvalitet over heile linja; mat, romstandard, reinhald og serviceinstillinga til dei som jobbar der er heilt upåklagelig. Etter frokost pakka vi litt mat i sekken og tok turen oppover dalen for å sjå oss litt rundt. Vi gjekk stien opp forbi Grønestølen og opp til Øyestølsvatnet. Der var det lunsjpause med gryterett på stormkjøkenet. Sjølv om det var tidleg sommar så var det herlig å sitje i solveggen og brune seg litt mens maten kokte. På veg ned igjen mot Østerbø begynte det å regne litt igjen utan at det kunne øydelegge verken humør eller den avslappande turen. Så var det nok ein strålande middag på Østerbø Fjellstove før det vart natta og tid for å lade batteria til turen ned dalen dagen etter. [Les heile historia →]

Fisketur til Litlevatnet

25. mai 2009 av Stuttfeiten
Svar

Her om dagen bestemte vi oss for at det var på tide med ein liten fisketur. Vi peila oss inn på vatna i Norddalsvassdraget (i Norddalsfjorden i Flora Kommune). Om det skulle bli Litlevatnet, Storevatnet eller Fessevatnet fekk vi sjå etter kvart. Vi skulle tross alt bere tungt sidan vi skulle vere vekke eit heilt døgn. Vi bestemte oss for å gå frå Strømsnes via Haukåvatnet, Ulldalsvatnet og til Litlevatnet i fyrste omgang, og så vurdere om forma og humøret let oss fortsette vidare. Så vi labba i veg, med fulle sekkar og ein belly-båt imellom oss. Det var noko upraktisk å bere med seg båten, men det gløymde vi rett som det var i den flotte naturen som omgav oss. Det er ikkje rart at hjorten blomstrar og trivst i området så fint som det er der. På kartet ser det flatt og fint ut innover dalen, men det var litt meir ulendt enn vi hadde tenkt oss. Om ein skal vere ærlig, og det skal ein vel helst, så vart gummibåten forbanna både opp og ned etter ei stund. Spesielt gjennom småkratt og over nokre store steinar som ein eller annan gong i tida har kome ramlande ned frå fjellet og lagt seg midt i vegen for farande folk. Men det gikk fint å klatre over, og med sola i nakken var det eigentlig ikkje så mykje vi hadde å klage på. [Les heile historia →]

Isfiske på Eltsjøen Påskeaften 2009

19. april 2009 av Fiskegutten
Svar

Årets siste pilketur ble avsluttet i år som i fjor; i påsken på Eltsjøen på selve påskeaften. Det er jo alltid deilig og kunne avslutte pilkesesongen med å sitte i solen midt på isen og virkelig nyte det fine været samtidig som man fanger fisk. We cannot display this gallery Det ble ikke tatt noen stor fisk eller mye fisk. Men det å kunne oppleve norsk påskevær på sitt beste er jo en bra opplevelse i seg selv. [Les heile historia →]

Havfiske ved Kinn

18. april 2009 av Stuttfeiten
Svar

Eg vakna eit par minutt før vekkjarklokka ringde og brukte litt tid på å finne ut kva som var spesielt med dagen i dag. Jau, i dag er fyrste dagen min som "hang-around" i Florø Havfiskeklubb. Det skal bli skikkelig kjekt å komme seg utpå igjen, og eg skal jaggu ha flaks om eg ikkje skal få fisk i dag. Storfangst skal det bli! Blir nok eit par-tre søser ja (søse = lange på 10+), og eg kunne trengt ein piggvar. Ikkje ein alt for stor ein, men ein som passar fint i steikjepanna. Storkveite har eg ikkje plass til i frysen og brosme vil eg ikkje ha uansett. Slik "ufisk" passar i beste fall som håkjerringagn. We cannot display this gallery Så tok mobiltelefonen til å riste og bråke på nattbordet, og planlegginga var over. Opp og hopp og på med lang-under-vinter over og under. Etter ein kjapp frukost (Morgan Kane åt heller ikkje havregraut til frukost, men gryna smakar ikkje så gale med yoghurt på) var eg klar. Litt før kl. 8 kunne eg stige ombord i Isabel, ei flott skute som i vårsola denne morgonen skein som eit nybona parkettgolv. Jau, tenkte eg med meg sjølv, viss denne leigeskipperen vår har like mykje peiling på fiskeplassar og méd som han har på å stelle båten sin, så ligg vi temmelig bra an i dag! [Les heile historia →]