Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Ørretfiske i Langevatnet i Eid

1. oktober 2007 av Stuttfeiten

Ein tidleg lørdagsmorgon i september pakka vi fiskestengene i bilen og sette avgarde. Været var dårleg, men humøret var på topp. Ikkje ein gong då vi oppdaga at vi hadde gløymt makken sank stemninga. Vi skulle til Langevatnet ved Brekka i Hjelmelandsdalen. Frå Nordfjordeid køyrer ein ca. seks km vestover til Haugen, før ein tek til høgre mot Harpefossen og Hjelmelandsdalen. Vi fortsette på den smale og svingete vegen forbi skisenteret, og bilen kom heilskinna fram til Brekka, som er høgaste punktet på vegen mellom Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen i Volda. Fra vegen er det berre eit kort stykke til Langevatnet, og vi hadde snart parkert sekkane under presenning og fått snøret i vatnet. Vi fiska med spinner sidan vi hadde glemt makk, men det var ingen napp sjølv om det var masse vak å sjå. Fyrst da sola kom fram fikk vi første nappet. I pausane frå fiskinga måtte vi bevege oss litt for å holde varmen, og då passa det bra å plukke litt blåbær. Lyngen var full av bær, og snart var både fingrar og tunger blå. Litt av blåbæra blei spart til dessert. Seinare vart det et herremåltid beståande av stekt ørret og brød, med blåbær til dessert.

Kategori: Fisketurar
Stikkord:   · · Ingen kommentarar.

Har du noko å sei om denne saka?

0 svar til no ↓

  • Her er det ingen kommentarar endå....Lat snøballen begynne å rulle ved å fylle ut skjemaet.