Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Nytt laservåpen mot mygg – The Photonic Fence

19. februar 2010 av Stuttfeiten

Den nye myggkverkaren Photonic Fence er utvikla som eit hjelpemiddel i kampen mot malaria, sjukdomen som tek livet av rundt ein million menneske rundt om i verda kvart år.. Systemet virkar ved at ein infraraud stråle registrera at myggjævelen flyg forbi, og deretter brukar det ein laser for å ta livet av det flygande utysket. Andre insekt som sommarfuglar, humler og bier vert ikkje rekna som fiendlege av denne høgteknologiske luftvernkanona og slepp uskadd forbi. Sidan systemet til og med kan skilje mellom ho- og hannmygg, reknar eg med at vi kan programmere det til å ta livet av norsk mygg og knott også. Heilt sidan eg såg Star Wars fyrste gongen har eg vore sikker på at laservåpen ein dag skulle kunne brukast til noko nyttig. Ein slik sak skal i alle fall eg ha med ut på tur så snart eg får tak i ein. Anti-myggmaskina vart utvikla av eit firma som heiter Intellectual Ventures etter at dei vart utfordra av Bill Gates (gjennom stiftinga The Bill and Melinda Gates Foundation). Videoen nedanfor viser myggjagaren i aksjon. Fleire videoar og meir informasjon om oppfinninga kan du finne på heimesidene til Intellectual Ventures.

Kategori: Utstyr
Stikkord:   · · · · Ingen kommentarar.

Har du noko å sei om denne saka?

0 svar til no ↓

  • Her er det ingen kommentarar endå....Lat snøballen begynne å rulle ved å fylle ut skjemaet.