Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Middag på kanten av stupet

31. juli 2009 av Stuttfeiten

Sist helg drog Stuttfeiten med seg tre bakfulle svenske tjeier til fjells for å nyte storfegryte (takk til XXL for gode tilbud) til middag. Turen gikk frå Stømsneskrysset, over Haukåvatnet og opp Dyrestien til Grisebotsvatnet (samme ruta du kan lese om her). Nokre av oss hadde vore ute på fest heile natta til klokka 8 på morgonen, så det var ein delvis trøtt gjeng som labba seg oppover. Men pågangsmotet var der, og det gjekk greit oppover. Vel oppe på kanten ved Grisebotsvatnet gjekk vi på sørvestsida av vatnet i staden for å fortsette mot Børavatnet. Det var tørt og fint i marka, så det gjekk fint å hoppe over elva som renn frå vatnet og utfor kanten. Nokre meter frå kanten fann vi oss ein fin plass i le for den friske brisen og fyrte opp stormkjøkenet. På menyen stod Storfegryta frå Drytech (Real Turmat), og om appetitten ikkje var så stor under frokosten så hadde den i alle fall betra seg når vi fekk nyte utsikta i lag med maten. Dessert vart det også, men ikkje før vi var komne heim att. Jentene var flittige til å plukke blåbær, så det vart servert blåbærpai etter at vi kom heim på ettermiddagen.

Kategori: Fjellturar
Stikkord:   · Ingen kommentarar.

Har du noko å sei om denne saka?

0 svar til no ↓

  • Her er det ingen kommentarar endå....Lat snøballen begynne å rulle ved å fylle ut skjemaet.