Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Los Arcos til Viena

14. mai 2010 av Stuttfeiten

I dag vakna vi friske og opplagde i 7-tida. Saa var det litt kaldt vatn i ansiktet, kjapp pakkking av sekken og kaffi/kakao til frokost foer vi tok av fraa Los Arcos i retning Longrono. Det vart nok ein dag i fantastisk landskap, med vinranker paa begge sidene av vegen. No vil ikkje kortlesaren paa denne leige-pc-en virke, saa det vert ingen bilder (har ikkje batteri paa fonen heller). Men bilda faar vi ta igjen seinare. I Sansol trefte vi ein liten flokk med ungar som spela fotball med ein ball utan luft. Vi leika litt med dei og tok (paa forespoersel) masse bilder av dei. Dei kosa seg naar dei fekk sjaa bilda etterpaa, og naar eg tenkjer paa kor mykje folk som gaar denne vegen, vil eg tru at dette er blandt dei mest fotograferte ungane i verda. Soek paa children +sansol paa google images, og du finn sikkert hundredevis. Saa labba vi vidare. og paa dagens hoegste punkt 570 moh hadde vi sieasta. Det virka som om fleire av dei forbipasserande var misunnelige paa oss der vi sat med godt broed, skinke, ost og ei pikkurandes lita flaske El Coto. Vi fekk ogsaa selskap av ei brasiliansk dame som berre saa vidt klarte aa stavre seg ut av vegen og legge seg ned. Ho hadde veldig hovne bein, og hadde det veldig vondt, men verken ost eller skinke kunne faa ho paa beina igjen. Ho forsikra oss om at det skulle gaa bra med ho, saa vi gjekk vidare etter ei stund. Men daa vi kom til Viana og hadde 9 km igjen til dagens maal, fann vi ut at vi skulle ta oss ein kviledag. Det vart likevel litt over 22 km, og vi foelte ingen spesiel trang til aa sette ny verdensrekord i aa gaa langt. Saa no har vi lagt oss inn paa eit herberge i eit gammalt kloster. Vi har dusja og vaska kle, og har ein fantastisk utsikt over det resterande av Navarra og inn i La Rioja til Logrono. Tippar vi kryssar grensa inn i La Rioja i 10/10.30 tida i morgon. Daa skal det bli skikkelig Camino! Er som sagt tom for batteri paa fonen, men skal sjaa om eg faar ladda ein dag. Kos daakke alle sammen heime. Vimsa helsar ogsaa.

Kategori: Camino de Santiago
Stikkord:   · · · · 1 kommentar

Har du noko å sei om denne saka?

1 svar til no ↓

  • 1 Mamma mai 14, 2010 at 21:44

    Godt å høyre at de har det bra. Vi venta i spenning på «reisebrev» kvar dag 🙂 Koselig! Her er alt berre bra. Klem!