Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Saker i kategorien 'Fjellturar'

Fem dagar i Rondane i september 2009

22. september 2009 Ingen kommentarer

Fredagen kom og Vimsa gikk. På tur opp Rondhalsen med kamera og matpakke i lomma. Sidan ho fortsatt var sprek som ein fole såg ho ikkje så mørkt på bakkane opp og nedover som eg gjorde. Eg tok i staden med meg fiskestonga og gjekk opp til Fremre Illmannstjønne for å prøve fiskelykka. Den var ikkje spesielt stor, så etter eit par timar trakka eg ned igjen til Lonin der eg fekk to ørretar i utoset til bekken frå vatnet eg kom frå. Eine ørreten var veldig liten, kanskje 65 gram, og sidan den ikkje såg ut til å ha fått noko varige mein av å bite på kroken, sette eg den ut igjen. Den andre ørreten eg fekk var endå mindre, rundt 40 gram, så den kasta eg også ut igjen i vatnet.

Stikkord:   · · · · · · · · · · · · ·

Middag på kanten av stupet

31. juli 2009 Ingen kommentarer

Sist helg drog Stuttfeiten med seg tre bakfulle svenske tjeier til fjells for å nyte storfegryte til middag. Nokre av oss hadde vore ute på fest heile natta til klokka 8 på morgonen, så det var ein delvis trøtt gjeng som labba seg oppover. Men pågangsmotet var der, og det gjekk greit oppover. Vel oppe på kanten ved Grisebotsvatnet gjekk vi på sørvestsida av vatnet i staden for å fortsette mot Børavatnet. Det var tørt og fint i marka, så det gjekk fint å hoppe over elva som renn frå vatnet og utfor kanten.

Stikkord:   ·

Hatlesetnipa juni 2009

25. juni 2009 Ingen kommentarer

Etter å ha kome heim frå ein flott tur gjennom Aurlandsdalen bestemte Stuttfeiten og Vimsa seg for å ta ein tur på Hatlesetnipa for å strekke litt på støle bein. Turen gjekk opp frå Grov, fyrst på skogsveg, og vidare på stien oppover gjennom skogen.
Går du turen litt ut på sommaren, kan det vere eit [...]

Stikkord:   · · · ·

På tur i Aurlandsdalen juni 2009

20. juni 2009 Ingen kommentarer

Vi hadde lenge snakka om å ta ein tur gjennom Aurlandsdalen, “Norge sitt svar på Grand Canyon”, og i begynnelsen av juni var stunda komen.
Turen starta egentlig i Bergen med ein tur på Koengen der Bruce Springsteen heldt hoff. Ut på kvelden etter at konserten var slutt køyrde vi til Aurland og tok inn på [...]

Stikkord:   · · · · ·

Høsttur til Børabu

14. november 2008 Ingen kommentarer

Så var dagen kommen og vi skulle endelig ta turen til Haukåbøra (i Flora kommune). Sekken var pakka og vi la i veg. Undertegna var nyoperert i ei skulder, og med eit dårlig kne i tillegg var det flaks at eg hadde med ein sherpa som kunne bere sekken.
Fjella i Norddalsfjorden er svært gamle og [...]

Stikkord:   · · · · · · · · · · · · · · · ·