Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Høsttur til Børabu

14. november 2008 av Stuttfeiten

Så var dagen kommen og vi skulle endelig ta turen til Haukåbøra (i Flora kommune). Sekken var pakka og vi la i veg. Undertegna var nyoperert i ei skulder, og med eit dårlig kne i tillegg var det flaks at eg hadde med ein sherpa som kunne bere sekken. Fjella i Norddalsfjorden er svært gamle og spesielle. Mykje stein og bart fjell, og med dei såkalla "legdene" eller hyllene som stig slakt oppover frå aust mot vest. Vestsida av fjella stuper ofte rett ned, og det er vilt og vakkert over alt. Frå Straumsneskrysset gjekk vi stien ned til Straumsnessætra. Haukåvatnet er regulert, og det var lav vannstand etter lang tids tørke, så turen over brua frå Straumsnessætra over vatnet var litt spennande. Når vi kom over brua gjekk turen vidare gjennom den verna skogen mellom svære steinblokker som har komme ramlande ned fjellsida. Den gamle edellauvskogen i Øyralida her på nordsida av Haukåvatnet er eit av 16 verna områder i Flora kommune. Skogen består av eik, hassel, alm, osp, lind og bjørk og turen gjekk slakt oppover gjennom skogen langs vatnet. Kart over Haukåvatnet Etter ei stund kom vi opp i furuskogen og det vart litt flatare. Sola hadde skine nesten heile dagen, men når vi var komne vel opp på flata (like over å-en i ordet "verneområde" på kartet ovanfor) begynte det å regne litt, så etter å ha fyllt opp vassflaskene i ein liten bekk rasta vi ei stund under ei stor bjørk mens vi venta på at det skulle lette litt med veiret. Lykken stod dei kjekke bi, og etter ein liten time kom sola fram igjen og vi kunne begynne å klatre oss oppover den bratte Dyrestien opp mot kanten og Grisebotsvatnet. Sjølv om det er bratt oppover, er det laga til stigar og kjetting til hjelp for folk uten spesiell klatreerfaring, så turen opp gjekk greitt bortsett frå nokre kne som klaga høglytt. Når vi kom over kanten hadde vi ei flott utsikt både over Grisebotsvatnet og sørover langs kysten. Kinn, Askrova, Svanøy og Alden låg i solskinet ute i havet, og vi følte oss litt som om vi var på verdas tak (sjølv om vi ikkje var meir enn rundt 470 moh.). Turen vidare gjekk i lett terreng langs Grisebotsvatnet (med fire-fem innlagde blåbærstopp) opp til demningen i Børavatnet og Børabu. Med pauser og blåbærplukking brukte vi fire timar på turen og var strålande fornøgde med oss sjølve. Vel framme på hytta skulle underteikna lage middag som lova. Eg hadde juksa litt, og hadde laga klar maten heime slik at det berre stod igjen litt steiking og koking før vi kunne ete. På menyen stod brennsnut med hjortekjøt. Grønnsakene var ferdig oppkutta, og kjøtet var tidlegare frose i bitar slik at det fortsatt var kaldt i midten då det skulle på panna. Mens grønnsakene kokte i vatn og buljongpulver (vi åt så mykje blåbær på turen opp at vi rekna med å vere så pass fulle av antioksidantar at vi skulle overleve alle E-ane i buljongpulveret frå Toro), steikte eg kjøtet passe brunt før det havna i gryta.
Oppskrift på brennsnut med hjortekjøt:
  • Gulrot
  • Kålrabi
  • Sellerirot
  • Blomkål
  • Brokkoli
  • Purreløk
  • Hjortekjøt i passe grytebitar
  • Peppar og grasløk
Skjer grønnsakene i passe bitar og kok dei i vatn og buljong. Ha fyrst i gulrot, kålrabi og sellerirot, og ha i brokkoli, blomkøl og purre når gulrøtene er nesten møre. Mens grønnsakene kokar, steikjer du kjøtet og slepp det opp i gryta i lag med blomkålen. Server maten rykande varm med godt brød og plenty med smør. Om andre ber sekken for deg kan du ta med ein god rødvin som du serverar til maten.
Børabu er ei greit utstyrt hytte, med dyner, puter og gode sengeplassar til minst sju personar. Etter middagen var det blitt ganske mørkt ute, og sidan fiskestengene var på utlån, var det ikkje så mykje anna å finne på enn å leite fram lakenposane og hoppe til køys. Vi fyrte i ovnen med det same vi kom inn i hytta, så det var godt og varmt, og praten dabba fort av. Det tok ikkje så lange tida før vi sov godt. Vinden friskna på utover natta, og den hylte rundt hjørnet slik at eg vakna fleire gongar, men ovnen heldt varmen og vinden stilna, så eg sov snart tungt igjen. Dagen etter begynte med eit friskt bad i Børavatnet. Om eg hadde sagt det var varmt ville det vere største løgna eg har fortalt i dag, men ein vart i alle fall våken etterpå. Så hadde vi oss ein bedre frokost beståande av middagsrestar frå dagen før, gryterett og brødskiver med ost. Det var mest som 1. og 2. frokost på ein gong, og lunsj med. Ein slik gedigen frokost krev litt mosjon, så vi hadde oss ein tur oppover mot toppen (760 moh.) rett vest for Børabu. Planen var egentlig å fortsette til Haukåbøra denne dagen, men med våre fysiske skavankar bestemte vi oss for å la det vere til neste gong. Det er eit kjempeflott terreng som ligg rundt hytta. Vilt men vakkert, og eg vil absolutt anbefale ein tur opp dit. Sidan det ikkje vart tur på toppen denne dagen vaska og rydda vi etter oss og gjorde oss klar til å traske nedover igjen. Vi plukka oss bortover blåbærlyngen forbi Grisebotsvatnet, og hadde oss ein liten prat med andre blåbærplukkarar som hadde tatt seg ein tur til fjells denne strålande haustdagen. Så tok vi peiling på toppen av Dyrestien og klatra nedover igjen. Det er som regel litt vanskeligare å klatre ned enn opp, men turen ned igjen gjekk heilt utan noko slags alvorlige skader verken på kropp eller sinn (eit opphovna kne reknast ikkje med her). Vi hadde ein kjempefin tur, og det skal ikkje bli lenge til neste gong eg klatrar opp igjen. Og neste gong SKAL Haukåbøra bestigast :)

Kategori: Fjellturar
Stikkord:   · · · · · · · · · · · · · · · · Ingen kommentarar.

Har du noko å sei om denne saka?

0 svar til no ↓

  • Her er det ingen kommentarar endå....Lat snøballen begynne å rulle ved å fylle ut skjemaet.