Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Havfiske ved Kinn

18. april 2009 av Stuttfeiten

Eg vakna eit par minutt før vekkjarklokka ringde og brukte litt tid på å finne ut kva som var spesielt med dagen i dag. Jau, i dag er fyrste dagen min som "hang-around" i Florø Havfiskeklubb. Det skal bli skikkelig kjekt å komme seg utpå igjen, og eg skal jaggu ha flaks om eg ikkje skal få fisk i dag. Storfangst skal det bli! Blir nok eit par-tre søser ja (søse = lange på 10+), og eg kunne trengt ein piggvar. Ikkje ein alt for stor ein, men ein som passar fint i steikjepanna. Storkveite har eg ikkje plass til i frysen og brosme vil eg ikkje ha uansett. Slik "ufisk" passar i beste fall som håkjerringagn. Så tok mobiltelefonen til å riste og bråke på nattbordet, og planlegginga var over. Opp og hopp og på med lang-under-vinter over og under. Etter ein kjapp frukost (Morgan Kane åt heller ikkje havregraut til frukost, men gryna smakar ikkje så gale med yoghurt på) var eg klar. Litt før kl. 8 kunne eg stige ombord i Isabel, ei flott skute som i vårsola denne morgonen skein som eit nybona parkettgolv. Jau, tenkte eg med meg sjølv, viss denne leigeskipperen vår har like mykje peiling på fiskeplassar og méd som han har på å stelle båten sin, så ligg vi temmelig bra an i dag! Vi stima oss ut mot opne havet med sola i ryggen og ein liten lufting frå nord i ansiktet. Utstyret vart gjort klart og egna. Eg starta med to opphengarar og eit slep på bommen, og egna med akkar. Ellers vart det brukt makrell, sild, reker og forskjellige skjel som agn på turen. Rett sør for Reksta vart det gjort stopp, og snøra gjekk i vatnet straks etter halv ni. Det var fisk å sjå på ekkoloddet, så vi slepte ut på grunnare vatn og dreiv ut mot 140 m. Sjølv om det var fisk å sjå på ekkoloddet, vart det ikkje mykje til fangst anna enn ei lita lange og ei brosme, så vi halte inn og gjekk til Likvika. Sjølv hadde eg ikkje fått så mykje som eit lite napp, så eg kjende optimismen stige då eg høyrde namnet på vika der snøra no gjekk i vatnet. Her må det vel vere mykje stor fisk. Det har nok forlist mange sjørøvarskuter her opp gjennom århundra, og sjørøvararkjøt er god mat for fisken. No blir det nok på meg også tenke eg. Men nei, det vart ikkje noko her heller, sjølv om det nappa kraftig i kroken på det sjølvlysande auget eg brukte som lodd på denne plassen. Eg hadde akkurat hala inn for å skifte agn då Gunnar fikk ein fin lyr. Hurra! No er det berre Stuttfeiten igjen som ikkje har fått fisk. Vinden hadde litt etter kvart friskna på, så det var litt ugreitt å halde båten på plass. Det vart derfor vedtatt at vi skulle flytte oss litt lenger vestover slik at vi forhåpentlegvis kom litt i lé av Kinn. Mens vi flytta hadde panikken så smått begynt å setje inn i meg. No hadde alle dei andre fått fisk, brosme, lange, hyse og lyr. Skulle det ikkje bli noko fisk på meg i dag? Det var på tide å ta fram esset frå ermet. Martin Lopez sin Octopus Jig. Den skal nok lure dei mistenksame søsene der nede! Med fortsatt halvfrosen akkar på krokane fekk eg ut vegna mens eg såg på dei andre med eit lurt smil om munnen. Jau, no skal de pinadø få attåt kaffien kara, her skal de få sjå kor det skal gjerast! Ein time seinare, med Kinnaklova i eine augekroken og ei tåre i den andre måtte eg innsjå at det nok var svart hav for min del denne dagen. Så då skipsklokka slo halv to og kunngjorde at konkurransedagen var over, sette eg meg i baugen på heimvegen. Eit tapt kvartkiloslodd og ein god del tapt stolthet fattigare, men ein flott opplevelse rikare såg eg på at fangsten vart vegd og cup-poenga delte ut. Då Isabel igjen la til kai var turen over og dei andre sette kursen heim til sitt og sine fiskemiddagar. Sjølv om eg ikkje fekk fisk (og med fem pålitelege vitner omkring meg heile tida kan eg ikkje skryte på meg noko heller) hadde eg heldigvis så pass med agn igjen at eg kunne steike akkarringar og få meg middagsmat eg og.
Oppskrift på frityrsteikt akkar: (OBS! Du bør ikkje ete agnet til middag om det luktar merksnodigt etter at du kjem heim!)
  • Akkar
  • 1 flaske øl
  • Potetmjøl
  • Kveitemjøl
  • Bakepulver
  • Salt
  • Pepar
  • Olje til frityrsteiking
Rens og vask akkaren godt. (Om du vil kan du også bruke armane/tentaklane, men då blir det ikkje akkurat ringar, meir som akkarpinnar.) Skjer akkaren i passelig tynne ringar og legg dei på kjøkenpapir eller eit klede så det får renne godt av dei. Lag røre i ein bolle av litt øl (om du ikkje brukar heile flaska blir det meir igjen til drikke til maten), 50/50 med potetmjøl og kveitemjøl, 2-3 ts bakepulver og 1 ts salt (2 ts salt om du brukar heile ølflaska i røra). Ha litt svart pepar i røra og rør den godt sammen. Røra skal ikkje vere for laus, men det skal heller ikkje bli ei deig. Prøv deg fram med mengda mjøl til røra dryp seint av sleiva.
Frityrstekt akkar Foto: chotda @ flickr.com
Så kan du dyppe akkarringane i røra og frityrsteike dei i olje til dei er fint brune. Tenk på at oljen er svært varm, og om du ikkje brukar frityrkokar må du ha loket til panna liggande klar ved ovnen mens du steiker. Server akkarringane med ein god salat. Om du vil legge litt ekstra innsats i kokkeleringa kan du lage ein dressing å dyppe akkaren i av 1 beger rømme, 1 pk majones, 1 ss sukker, 1 ts salt, svart pepar og eit par pressa kvitløksfedd. Etter ein slik middag gjer det ikkje lenger så vondt å ikkje ha fått fisk 🙂
Tusen takk til Florø Havfiskeklubb for ein flott dag på sjøen og for at dei ordna plass på båten til meg!

Kategori: Fisketurar
Stikkord:   · · · · · · · · · · · Ingen kommentarar.

Har du noko å sei om denne saka?

0 svar til no ↓

  • Her er det ingen kommentarar endå....Lat snøballen begynne å rulle ved å fylle ut skjemaet.