I dag hadde vi 17.mai-luksusfrokost på ein kafé i Najera foer vi la i veg. Smoerbroed med serranoskinke og tomat, chorizo og omelett.
Ikkje berre vart det ein toerr etappe (lange strekker utan vatn), men den vart varm ogsaa. Det small til med fint veir og i foelge husverten vaar i dag er det meldt sol og varme heile veka 🙂 Solkremen kom endeleg til nytte!
Vi delte vegen med ein gjeng danske charterpilgrimar (ber vassflaskene sine sjoelve mens bussen koeyrer koffertane fraa by til by og hotell til hotell), og proevde oss paa aa snakke litt om den norske nasjonaldagen, men dei var ikkje vidare interesserte i det.
Vi gjekk over aasar og gjennom dalar her i fantastiske Rioja og hadde oss kaffipause i Azofra. Der fekk vi ogsaa handla oss broed og ost. Ettermiddagsrasten vart paa ein rasteplass midt i det som maa vere den stoerste kveiteaakeren vi vestlendingar har sett.
No er vi paa Albergue Virgin de Cuadalope, eit lite blaatt herberge med ein vert som laga middag til oss (noko groent med poelsebitar nedi) og som tok paa seg tenna foer han serverte oss. Epler og yoghurt til dessert. Det er trivelig aa vere paa tur!
Trur ikkje eg har vore i seng saa tidlig paa 17.mai nokon gong foer. Gratulerer med vel øverstaatt der heime!
Kategori: Camino de Santiago
Stikkord: 1 kommentar
1 svar til no ↓
Så trivelig å lese, og så bra de får syden-temp dei kommande dagane. Då er vi vel i hus, og jobb imårå. God tur vidare 🙂 Klem!