Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Fisketur til Litlevatnet

25. mai 2009 av Stuttfeiten

Her om dagen bestemte vi oss for at det var på tide med ein liten fisketur. Vi peila oss inn på vatna i Norddalsvassdraget (i Norddalsfjorden i Flora Kommune). Om det skulle bli Litlevatnet, Storevatnet eller Fessevatnet fekk vi sjå etter kvart. Vi skulle tross alt bere tungt sidan vi skulle vere vekke eit heilt døgn. Vi bestemte oss for å gå frå Strømsnes via Haukåvatnet, Ulldalsvatnet og til Litlevatnet i fyrste omgang, og så vurdere om forma og humøret let oss fortsette vidare. Så vi labba i veg, med fulle sekkar og ein belly-båt imellom oss. Det var noko upraktisk å bere med seg båten, men det gløymde vi rett som det var i den flotte naturen som omgav oss. Det er ikkje rart at hjorten blomstrar og trivst i området så fint som det er der. På kartet ser det flatt og fint ut innover dalen, men det var litt meir ulendt enn vi hadde tenkt oss. Om ein skal vere ærlig, og det skal ein vel helst, så vart gummibåten forbanna både opp og ned etter ei stund. Spesielt gjennom småkratt og over nokre store steinar som ein eller annan gong i tida har kome ramlande ned frå fjellet og lagt seg midt i vegen for farande folk. Men det gikk fint å klatre over, og med sola i nakken var det eigentlig ikkje så mykje vi hadde å klage på.
Pakkeliste:
  • Telt
  • Sovepose
  • Jerven Fjellduk
  • 1,5 kg lammelår, 1 kg pølser (grill og baconmår)
  • 2 boksar øl, 1/2 whisky og 1/2 vodka
  • Vadebukse og støvlar
  • Tørr ved
  • Gummibåt / Bellybåt
  • Øks
  • Fiskestenger
  • Stormkjøkken
  • Slukboks og anna fiskeutstyr
  • Regnkle
  • + eit par kilo verktøy, 2x myggolje og anna utstyr som låg uoppdaga på botnen av sekken (Husk: å ikkje ta med masse unødvendige saker og ting neste gong!)
Vel framme ved Litlevatnet hadde vi ein liten pust i bakken mens vi fortærte nokre grillpølser for å få litt energi i kroppen. Vi kom fram til at sidan det tok til å lakke mot kveld, fisken vaka i vatnet og det var utrulig fint der ved vatnet så skulle vi legge oss til der i staden for å fortsette mot Storevatnet. På nordsida av Litlevatnet, eit lite stykke etter enden på traktorvegen ligg ein fin liten skog. Nesten som eit parkanlegg midt i all villmarka rundt omkring. Vi fann oss ein fin bålplass under eit tre, og sette opp teltet. Etter å ha stable opp att nokre steinar, fekk vi god fyr på bålet mens lammelåret høgtideleg vart pakka inn i folie. Vi var etter kvart temmeleg svoltne begge to, og sidan steika nok måtte få seg eit par timar ved bålet før den var klar fekk bålfyring prioritet før fisking. Men så snart bålet brann var ikkje Fiskegutten sein om å få på seg vadarane og komme seg utpå vatnet i bellybåten sin. Det vart ikkje mykje fisk denne kvelden, og etter kvart som tida gjekk lukta det meir og meir freistande frå aluminiumsfolien som låg ved glørne. Fiskegutten kom hutrande i land og spurte Stuttfeiten om det ikkje snart var mat å få for ei svolta sjel? Men underteikna juksar ikkje med maten. Her er det berre lene seg tilbake og vente til maten er klar. Så vi lena oss tilbake og trøsta oss litt med ein klunk whisky og ein cigarillo til Stuttfeiten meinte at steika var klar ein liten time seinare. Og klar var steika. Kjøtet var så godt at vi reint gløymde å ta bilde av godsakene før mesteparten var oppete. Så slanga vi oss litt på liggeunderlaga og såg på korleis himmelen forandra farge frå blått til rosa og lilla før det vart mørkt. Heilt mørkt vert det forresten ikkje på denne breiddegrada no på denne tid av året. Når geispane begynte å bli ganske lange grilla vi resten av lammelåret på spidd før vi tok kveld. Fiskegutten skulle prøve ut fjellduken sin som sovepose denne natta, mens Stuttfeiten ikkje tok nokon sjansar med nattekulden og gikk for sovepose. Uansett var vi temmeleg godt beskytta i eit godt telt, og det er lenge sidan det er skote bjørn her i området (i alle fall på nordsida av fjorden). Så vi sov godt og lenge etter ein fantastisk flott dag mellom dei spesielle fjella. Morgonen etter var som alltid Stuttfeiten oppe i lag med småfuglane. Sola skein og doggdråpane skein i det grøne graset. Kurukene som låg igjen frå i fjor viste tydeleg kva grunnen til det fine "parkanlegget" var, men tørre som dei var, gjorde det ikkje så mykje om ein trakka i dei av og til. Og uansett skulle det meir til enn ei tørr kuruke for å øydeleggje stemninga ved Litlevatnet denne morgonen. Fiskegutten var utkøyrd, enten av gåing, fisking eller whiskyen kvelden før, og sjølv ikkje ein god varm kopp kaffi på senga fekk han opp før lenge etter klokka ni. Men lukta av steikt baconpølse frå det lokale gardslakteriet kunne han ikkje motstå, så han kom seg opp til frukost. Og for ein revansj han fekk denne dagen! Etter å ha slukt pølsene på høgkant la han i veg med flugestanga på nakken bort mot innoset frå Hestedalen. Det gikk ikkje lenge før kaukinga høyrdest over heile dalen: "Fast fisk! Der satt 'an, hurra!"  Himmel, hav og helvete! Kunne det verkeleg vere sant? Skulle det bli fisk likevel på denne turen? Eg sula inn spinnaren og la i veg bortover mot dagens helt. Og jau, jaggu hadde han ikkje fått fisk. Der låg den i det doggvåte graset. Ein fin liten ørret i ein dam med blod. Ikkje noko catch n' release her i garden nei! "Her skal det reinskast opp og lagast plass for dei store ruggane!" Eg ropte oppmuntrande til han då eg kom fram og fekk sjå fisken: "Kom igjen kompis, berre ti til så har vi ein kilo!" Det vart aldri ti fiskar til. Men til slutt låg det fire fiskar i graset. Og med litt tilbehør kan fire slike mette to mann sjølv om dei ikkje er så store. Totalvekta på fangsten denne turen nærma seg vel 300 g om ein rundar av i rett retning. Men for ein flott tur vi hadde! Og for eit flott land vi bur i! Om du nokon gong har sjansen, så ta deg ein tur til Norddalsfjorden og prøv fiskelukka. Fiskekort kan du kjøpe eit par plassar i bygda, eller du kan ordne det på G-sport i Florø (i Amfisenteret). 40 kr/døgn, 75 kr/veke og 250 kr/år er nesten for småpengar å rekne. Og grunneigarlaget ligg ikkje på latsida. Ryktet seier at det er rusefangst på gang for å få vekk litt småfisk, og bygda lyg sjeldan, så då må det vel vere sant.
Kvitløksmarinert lammelår steikt på bålet:
  • 1 lammelår, utbeina
  • Solsikkeolje (eller annan olje, ikkje oliven)
  • Ein liten skvett rødvin
  • Kvitløk
  • Svart pepar
  • Salt
  • Timian
  • Isop
  • Salvie
  • Persille
Her er det om å gjere at du brukar kjøt av skikkelig kvalitet. Om du fiskar mykje og har ein sauebonde til nabo kan du kanskje gjere ein bytehandel med han? Om han får ein laks med deg får du kanskje eit godt lammelår med han når han slaktar? Når du skal ut på tur gjer du kjøtet klart dagen før. Bein ut låret mens du syng "Mellom bakkar og berg", så lagar du til marinade av olje, vin, pressa kvitløk, salt, pepar, timian, isop, salvie og persille. For sikkerhets skuld kan du "spekke" kjøtet med bitar av kvitløk. Stikk nokre hol i steika her og der, og trykk inn bitar av kvitløk. Legg steika i ein plastpose med marinaden, og la det ligge i kjøleskapet over natta. Når du pakkar sekken kan det vere lurt å ta ein ekstra plastpose eller to rundt kjøtet så du unngår marinadelekasje i sekken. Om kjøtet ikkje er mørt allereie mørnar det nok godt i sekken mens du går. Når du så har fått fyr på bålet pakkar du kjøtet inn i litt folie og legg det tett inntil glørne. Snu på steika ofte, slik at den vert jamnt steikt. Du bør berekne god tid (2-3 timar), og om du vil vere heilt sikker på at kjøtet skal bli bra, kan du bruke eit steiketermometer. Når kjernetemperaturen når 75 grader kan du ta kjøtet vekk frå glørne og la det kvile 15-20 minutt om du orkar å vente. Dersom du er vand med å bere tungt kan du godt ta med nokre store poteter i sekken også. Når du har fått steika i folie og lagt den ved bålet kan du dyppe potetene i resten av marinaden i posen og pakke dei i folie. Så bakar du potetene på bålet i lag med kjøtet. Men potetene treng kortare tid på bålet, så la steika få eit lite forsprang før du legg dei på bålet. Om du trur du kjem til å få masse fisk kan du sjølvsagt spare lammelåret til påske og heller ete fisk på fjellet, men tør du vedde på fangst? Nyt maten!
Resultat denne turen: Stuttfeiten 0 - Fiskegutten 4

Kategori: Fisketurar
Stikkord:   · · · · · · · · · · · · · Ingen kommentarar.

Har du noko å sei om denne saka?

0 svar til no ↓

  • Her er det ingen kommentarar endå....Lat snøballen begynne å rulle ved å fylle ut skjemaet.