Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Fisketur til Langesjøvatnet på Ålfotfjellet

25. august 2009 av Stuttfeiten

Her om dagen fann vi ut at vi skulle ta oss ein tur på Ålfotfjellet. Det skulle ikkje bli nokon lang tur, men vi ville ha oss ei natt i teltet utan å bere sekken så alt for langt, og så tenkte vi å prøve om vi fekk fisk. Vi sette opp teltet nær utoset frå Langesjøvatnet. Det tok si tid å finne ein bra teltplass sidan det var ganske vått i marka, men ved murane etter eit gamalt naust(?) fann vi ein fin stad der det akkurat var plass til teltet. Det var sein ettermiddag når vi var klare til å prøve fiskelykka. Vi prøvde med fluge og dupp, spinnara og slukar, men uansett kva vi frista med, vart det ikkje mykje fangst. Så etter nokre timar utan resultat fekk vi samla litt ved og tende oss eit bål så vi fekk steike pølser og varme vatn til solbærtoddyen. Vi hadde proviantert ganske bra sidan vi ikkje skulle gå noko lang tur, så vi hadde det veldig bra på fjellet denne mørke augustkvelden. Ikkje var knotten så veldig plagsom heller, så det var med fred i sinnet vi tok kvelden. Etter at natteroa hadde senka seg, vakna vi til av ein lyd utanfor. Sofus var still, kanskje sov han tungt etter ein aktiv dag? Merkeleg at han ikkje reagerte på lydane, men det var eit eller anna som bevega seg der ute. Etter å ha sove nesten ni timar samanhengande (og det har eg vel ikkje gjort sidan eg var konfirmert) var det på tide å kome seg opp av soveposen. (Dvs.: eg stod opp, enkelte andre som var med på turen ville gjerne sove litt lenger.) Og no på morgonen var fisken meir bitevillig enn kvelden før. Ein gul Panter Martin spinner med svarte prikkar viste seg som reine "ørretdødaren". Fyrste fisken heldt eg på å sette fast i eit tre som låg i vatnet. Fisken gjekk seg inn mellom greinene, men heldigvis kom han ut same vegen når eg sveiva inn slakken. To timar etterpå hadde eg fire fine ørretar på land, samt minnet om to som kom seg av kroken. Det var på tide å tusle seg bort til teltet igjen om ein skulle rekke å ete frokost før middagen skulle lagast til. Etter eit par rundstykker vart det faktisk tid til litt avslapping før fiskane hamna på steikepanna der dei vart steikte i baconfett med godt krydder på. Det smaka himmelsk. Og til dessert vart det servert pannekaker med nyrørte blåbær som Sofus og Vimsa hadde sørga for. Det er nesten så ein kan få tårer i augene av tanken på slik god mat. Så vart det ein liten strekk før det var på tide å rydde opp og kome seg på heimveg. Det er ikkje meir enn 4-500 meter frå teltplassen og bort til vegen, så det gjekk ikkje lenge før vi var på veg ned frå Ålfotfjellet. Det var altså ikkje nokon ekspedisjon denne helga, men det var ein fin tur i noko av den flotte naturen du finn rundt Ålfotbreen. Har du lyst på ein tur køyrer du fylkesveg 614 til Langesjøvatn mellom Svelgen og Ålfoten. Det fins fleire plassar der du kan parkere, bl.a ved hyttegrenda. Fiskekort får du kjøpt på butikken i Ålfoten til ein billeg peng eller to. God tur! 🙂 (Beklagar dårlig kvalitet på bilda. Gløymde kameraet i bilen, så dei er tekne med mobiltelefon med skit på linsa.)

Kategori: Fisketurar
Stikkord:   · · · · · · · Ingen kommentarar.

Har du noko å sei om denne saka?

0 svar til no ↓

  • Her er det ingen kommentarar endå....Lat snøballen begynne å rulle ved å fylle ut skjemaet.