Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Fisketur i regn og skodde

16. juni 2010 av Stuttfeiten

Turen var tenkt å gå til Haukåbøra, men skodde og ein masse vak i eit lite vatn mellom Grisebotsvatnet og Børavatnet gjorde at eg ombestemte meg. Turen vart til ein fisketur i staden (flaks at fiskestanga og slukboksen låg i sekken!).

Det tok omtrent 40 minutt å sikre nok fisk til ein god middag på Børabu. Eg hadde ikkje med smør til å steike fisk, men ei god spansk choritzo i bitar på steikepanna gav fett nok til å få stekt ørret på bordet. Eg hadde heller ikkje salt og pepar med, men pølsa gav godt med smak også. Med heimebakt brød vart det eit strålandes måltid.

Innlegg som kanskje kan interessere deg

Kategori: Fisketurar
Stikkord:   · · · · Ingen kommentarar.

Har du noko å sei om denne saka?

0 svar til no ↓

  • Her er det ingen kommentarar endå....Lat snøballen begynne å rulle ved å fylle ut skjemaet.