Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Fem dagar i Rondane i september 2009

22. september 2009 av Stuttfeiten

Heilt sidan "tidenes litt ut på dagen" hadde vi snakka om å ta ein tur i Rondane (det var egentlig Vimsa som snakka mest sidan ho har vore der før), og ein fin dag i september var dagen komen. Stuttfeiten tok av heimanfrå tidleg mandags morgonen for å hente Vimsa i 10-tida. Og tru det eller ei, men ho var faktisk spent klar til avgang 🙂 Så vi sette fyrst kursen mot Stryn, der vi stoppa ei stund for å shoppe litt. Det vart fleire stopp, bl.a med middag på Fossheim på Lom, før vi kom til Otta ut på ettermiddagen. Der vart siste nødprovianten handla inn før vi køyrde oppover bakkane mot parkeringsplassen på Spranget. Med bilen godt parkert og sekkane på ryggen, la vi i veg frå Spranget i 7-tida på kvelden. Etter nokre hundrede meter måtte Stuttfeiten snu for å sjekka at bilen var låst (og det var den sjølvsagt, flaks at eg her ikkje begynte å lure på om eg slo av omnen før eg reiste heimafrå). Det var ein fin tur innover til Rondvassbu i skumringa, slett ikkje vanskelig å holde tempoet oppe sidan det var observert bjørn i området tidlegare, og vi var komne heilt inn i resepsjonen på Rondvassbu før Stuttfeiten oppdaga at lommeboka låg igjen i den låste bilen på parkeringsplassen... Heldigvis er det veldig kjekke folk som styrer og råder på Rondvassbu, så med ein lovnad om at: "ja, eg er medlem i Turistforeininga", og "ja, eg skal hente lommeboka med det same eg vaknar i morgon tidleg", fekk eg også komme inn på rommet vi hadde bestilt og kunne gjere oss klare til middag. For dei som ikkje har ete trerettars middag på ei av hyttene til Turistforeininga, trengst det litt tilleggsinformasjon: Det er ikkje nokon gjennomsnittskafè med biffsnadder og bernaisesaus vi pratar om her. Når det ikkje er alt for mykje folk ved bordet er det ofte kokken sjølv som serverar lekre saker som supper, blodfersk ørret, reinsdyrsfilet, skogsbæris og anna snadder. Gjestane får all slags informasjon om maten, kor den kjem ifrå og korleis den er laga til. Eg venta nesten å få lese opp heile stamtavla til rudolfen som låg på tallerken min. To glas med styrkande rødvin til maten vart heller ikkje feil, og etter at vi gjekk frå bordet følte eg meg frisk og opplagd for ein sykkeltur ned til bilen morgonen etter for å hente lommeboka og betale for herligheta. Betaling ja, det ein betalar for ein middag er slett ikkje gale. Omtrent som ein betalar for ei skål suppe på andre restaurantar der dei serverar like god mat. Etter middag var det berre å komme seg til køys og samle krefter. Det var litt irriterande med den lommeboka, men no skulle det vere slutt på forviklingar. Trudde vi.... Heilt til Vimsa gjekk for å ta kveldsstellet og aldri kom igjen. D.v.s, ho kom igjen, men ikkje før ho hadde gått inn på feil rom (i feil etasje) og skremt to stakkars toppsamlarar opp av sengane. Eg synes eg ser det heile føre meg. Vimsa som sparkar opp døra før ho begynner å pakke toalettmappa ned i sekken til den eine karen: "Hallo! Søve du? (og så med streng røst:) Koffor har du sløkt lyset? Har du flytta sekken min? Ja men så svar no då!" 🙂 Eg skulle gjerne ha sett fjesa til karane når dei let opp augene. Om nokon frå Turistforeninga skulle slumpe til å lese dette, kunne dei kanskje vurdere å setje nøklar i dørene, i det minste medan vi er i området. I alle fall, tirsdag morgon var det fyrst ein solid frokost, også lånte eg ein sykkel og la i veg dei vel 7 km ned til bilen for å hente lommeboka. Om vi skulle verte etne opp av bjørnen som skulle ha blitt sett i området, var det nok best å betale for seg fyrst. Sjølv om klokka ikkje vart stort meir enn 8 om morgonen møtte eg ei mengde med folk på veg innover mot Rondvassbu. Det såg ut som om det var fleire enn Stuttfeiten og Vimsa som hadde tenkt seg til fjells denne dagen ja. Med 13-14 km i beina etter den vesle sykkelturen var eg ferdig oppvarma og klar for å ta laust til fjells. Vimsa var endå meir klar, og nærmast småsprang oppover stien mot Storronden som var målet vårt denne dagen. Sidan vi begge er i god form, nesten som stålfjører, gjekk vi rett på toppen nesten heilt utan pauser til tross for den tynne lufta i "dødssona" over 1500 moh. I alle fall utan mange lange pauser (berre tre-fire over 15 minutt trur eg). Utsikta på toppen var skikkelig flott. Det er eit fantastisk flott landskap vi bevega oss i denne dagen, og vi fekk ein liten klump i halsen då vi etter kvart oppdaga at kameraet hadde fått seg ein smell og hadde begynt å jukse med fargane.
Så var det på tide å gå ned igjen for å dusje litt og slappe av før det var middagstid igjen. Vi kom oss nesten 50 meter nedover før kneet mitt begynte å streike igjen. Dette var ikkje heilt planlagt og eg var litt skeptisk med tanke på å gå 1000 høgdemeter ned gjennom steinura med eit kne som ikkje ville vere med på turen. Men med god og høgst nødvendig mental støtte frå Vimsa, og med eit reiseapotek med medisin nok til å gjere ein apotekar misunnelig kom eg meg ned igjen på eit vis. Planen vår vidare var å gå over Rondhalsen til Dørålseter for ei overnatting, og deretter å gå gjennom Langglupdalen til Bjørnholia og overnatte der. Så skulle vi vidare gjennom Illmannsdalen tilbake til Rondvassbu og ha oss ein tur på Rondslottet før vi skulle reise heim. Men med dårlige kne var ikkje ein slik tur noko for Stuttfeiten, så vi bestemte oss for å gå gjennom Illmanndalen til Bjørnhollia, og så sjå korleis det gjekk med beina før vi bestemte oss for å evt. gå til Dørålseter. Onsdag morgon la vi derfor i veg gjennom Illmannsdalen. Veret var ikkje det beste denne dagen, men vi hadde vinden og haglbygene i ryggen, og var godt kledde. Det er flatt og greit å gå gjennom dalen, men det tok likevel si tid. Vimsa måtte slepe underteikna mesteparten av vegen, så det var godt å komme ned til Bjørnhollia og ta seg ein pust i solskinet som sola sende oss ei lita stund før den gikk ned. Sjølvbetjeningshytta i Bjørnhollia er ei trivelig hytte, og det var reint og fint over alt. Vi fyrte opp i ovnen på rommet, og så rakk vi å lage litt kveldsmat før det vart mørkt. Det skjer ikkje så ofte at Stuttfeiten er i seng før klokka 8 på kvelden, så det vart vurdert å sette eit kryss i taket. Litt seinare på kvelden kom det ein danske inn døra. Sidan vi hadde lagt oss, tenkte vi å seie hei til frokost neste dag, men karen frå flatlandet var så morgenfrisk og rask at han hadde ete havregrauten sin og lagt i veg lenge før vi opna augene neste morgon. Det vart ikkje nokon tur til Dørålseter denne torsdagen. I staden la vi kursen vestover og tilbake gjennom Illmannsdalen igjen. Kneet mitt var ikkje så gale som dagen før, men for min del var det berre å gje seg på noko meir strabasiøse turar denne gongen. Likevel gjorde det egentlig ikkje noko at vi hadde gått same vegen dagen før, for no kunne vi sjå alt det vi ikkje fekk med oss i kuling og hagl dagen før. For eksempel skoen som ein eller annan hadde gått av seg i hastverket med å kome fram før dei andre. Det virkar litt merkelig at ikkje folk skal legge merke til at dei mistar ein sko. Og i alle fall når ein går ein plass der det er så mykje stein som det er i Illmannsdalen. Fredagen kom og Vimsa gikk. På tur opp Rondhalsen med kamera og matpakke i lomma. Sidan ho fortsatt var sprek som ein fole såg ho ikkje så mørkt på bakkane opp og nedover som eg gjorde. Eg tok i staden med meg fiskestonga og gjekk opp til Fremre Illmannstjønne for å prøve fiskelykka. Den var ikkje spesielt stor, så etter eit par timar trakka eg ned igjen til Lonin der eg fekk to ørretar i utoset til bekken frå vatnet eg kom frå. Eine ørreten var veldig liten, kanskje 65 gram, og sidan den ikkje såg ut til å ha fått noko varige mein av å bite på kroken, sette eg den ut igjen. Den andre ørreten eg fekk var endå mindre, rundt 40 gram (har jobba med laks i 17 år, så eg kan vege fisk på augemål), så den kasta eg også ut igjen i vatnet. På vestsida av Rondvatnet, like nedanfor der stien går oppover mot Rondhalsen kom eg over massevis med blåbær. Store, saftige og veldig blå blåbær langt ut i september - like ved sidan av ein sti der det sikkert går like mykje folk i løpet av eit år som det gjer på Karl Johan. Flaks! Her var det fint å sitte å vente på at Vimsa skulle komme ned igjen frå turen sin opp i høgda. Etter ein siste knallgod middag på Rondvassbu, var det plutselig blitt lørdag, og vi pakka sakene for å reise heim att. Det hadde vore fem flotte dagar i fantastiske Rondane. Har du endå ikkje vore der, så anbefalar eg ein tur. "Sjå Roma og dø" meinar eg det er ein eller annan som har sagt, men sjølv om du har vore til Italia bør du ikkje legge deg i penalet om du ikkje har hatt deg ein fjelltur eller tre i desse fjella. God tur, det hadde vi!

Kategori: Fjellturar
Stikkord:   · · · · · · · · · · · · · Ingen kommentarar.

Har du noko å sei om denne saka?

0 svar til no ↓

  • Her er det ingen kommentarar endå....Lat snøballen begynne å rulle ved å fylle ut skjemaet.