Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Estella til Los Arcos

13. mai 2010 av Stuttfeiten


Dagens distanse: 24 km Vi vakna forsiktig i dag. Senor Hospitalero skifta lysa paa noedutgangane fraa svakt raudt til groent og med det skifta stemninga til ein slags Alien stemning som der Ripley vakna etter x antal lysaar. Sidan Vimsa hadde tatt med oeyrepropper (gud velsigne ho for aa vere framsynt) vakna eg av lysskiftet og ikkje av tyskerane som begynte aa braake. Saa hadde verten seg ein tur rundt i lokalet for aa sjekke foetene til folk foer han sleppte oss ut. Dei som ikkje passerte kontrollen vart plastra og smurde. Albergue ANFAS i Estella er ein god plass aa bu. 6 euro for straalande service er ingenting naar ein veit at overskuddet gaar til psykisk utviklingshemma i bygda. Gje gjerne ein ekstra slant om du gaar forbi ein dag. Turen gjekk ut av Estella og pulsen steig. For kvart skritt kom vi eit steg nermare "The Mother Ore", vinfontena i Irache. Og saa med eitt var den der. Smijern og rustfritt staal, vaapenskjold og webkamera. Og kranen, noekkelen til saligheta... Eg har tatt med drikkebeger faanyttes mange gongar men i dag vart det full klaff. Gratis vin (sponsa av Bodegas Irache) gjorde godt i kalde skrottar. (8 grader og pissregn i dag tidleg.) Ca 3 timar forsinka forlet vi Irache (om du nokon gong staar med ei vinflaske merka Irache, Navarra saa ver klar over at det er eit kvalitetsstempel). Turen gjekk vidare gjennom Villemayor de Monjardin til Los Arcos der vi har faatt oss rom med ein gjeng fraa Belgia som driv eit herberge. I morgon gaar turen inn i La Rioja, det heilage land, til Logrono.

Kategori: Camino de Santiago
Stikkord: Ingen kommentarar.

Har du noko å sei om denne saka?

0 svar til no ↓

  • Her er det ingen kommentarar endå....Lat snøballen begynne å rulle ved å fylle ut skjemaet.