Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Los Arcos til Viena

14. mai 2010 1 kommentar

I dag vakna vi friske og opplagde i 7-tida. Saa var det litt kaldt vatn i ansiktet, kjapp pakkking av sekken og kaffi/kakao til frokost foer vi tok av fraa Los Arcos i retning Longrono. Det vart nok ein dag i fantastisk landskap, med vinranker paa begge sidene av vegen. No vil ikkje kortlesaren paa […]

Stikkord:   · · · ·

Estella til Los Arcos

13. mai 2010 Ingen kommentarer

Dagens distanse: 24 km Vi vakna forsiktig i dag. Senor Hospitalero skifta lysa paa noedutgangane fraa svakt raudt til groent og med det skifta stemninga til ein slags Alien stemning som der Ripley vakna etter x antal lysaar. Sidan Vimsa hadde tatt med oeyrepropper (gud velsigne ho for aa vere framsynt) vakna eg av lysskiftet […]

Stikkord:

Puente la Reina til Estella

12. mai 2010 1 kommentar

Hmm kva kan ein seie om livet pÃ¥ pilegrimherberga? Gjekk til sengs i gaar kveld og ante fred og ingen fare. Var troett som ei fele etter litt rangling siste dagane og somna fort. Men so, kl ca fem paa to om natta vakna underteikna av snorking. Ikkje saann vanlig, men det var eit jaevla […]

Stikkord:

Puente la Reina

11. mai 2010 1 kommentar

Saa kom vi oss omsider til startstreken. Puente la Reina, brua til dronninga. Brua vart bygd paa ordre fraa ei dronning som syns synd paa pilegrimane som maatte symje over elva. No ventar ein trerettars menu de peregrinos og ei lita flaske vino tinto foer det er natta. Lights out kl 22!

Stikkord:

Oskefast i Frankfurt

11. mai 2010 Ingen kommentarer

Det var med ei viss spenning i kroppen vi starta turen. Men oskemeldingane saag ganske bra ut, og vi var i godt humoer naar vi skulle gaa ombord i flyet Frankfurt-Bilbao. 10 min foer avgang kom meldinga om at flighten var kansellert, at det ikkje fanst alternative fly og at vi kunne faa togbillett i […]

Stikkord:

Sekken er pakka

3. mai 2010 3 kommentarer

Saa er sekken pakka og neste veke er det avreise til Bilbao og starten paa vaarens vakraste eventyr, Stuttfeiten og Vimsa paa spasertur fraa Pamplona til Santiago de Compostela og vidare ut til havet. 28 dagar. 550 km til fots. Sol og regn, roedvin og laushundar, svette og gnagsaar. Fraa Pamplona blir det apostelens hestar […]

Stikkord:   · ·

Nytt laservåpen mot mygg – The Photonic Fence

19. februar 2010 Ingen kommentarer

Systemet virkar ved at ein infraraud stråle registrera at myggjævelen flyg forbi, og deretter brukar det ein laser for å ta livet av det flygande utysket. Andre insekt som sommarfuglar, humler og bier vert ikkje rekna som fiendlege av denne høgteknologiske luftvernkanona og slepp uskadd forbi.

Stikkord:   · · · ·

Fem dagar i Rondane i september 2009

22. september 2009 Ingen kommentarer

Fredagen kom og Vimsa gikk. På tur opp Rondhalsen med kamera og matpakke i lomma. Sidan ho fortsatt var sprek som ein fole såg ho ikkje så mørkt på bakkane opp og nedover som eg gjorde. Eg tok i staden med meg fiskestonga og gjekk opp til Fremre Illmannstjønne for å prøve fiskelykka. Den var ikkje spesielt stor, så etter eit par timar trakka eg ned igjen til Lonin der eg fekk to ørretar i utoset til bekken frå vatnet eg kom frå. Eine ørreten var veldig liten, kanskje 65 gram, og sidan den ikkje såg ut til å ha fått noko varige mein av å bite på kroken, sette eg den ut igjen. Den andre ørreten eg fekk var endå mindre, rundt 40 gram, så den kasta eg også ut igjen i vatnet.

Stikkord:   · · · · · · · · · · · · ·

Fisketur til Langesjøvatnet på Ålfotfjellet

25. august 2009 Ingen kommentarer

To timar etterpå hadde eg fire fine ørretar på land, samt minnet om to som kom seg av kroken. Det var på tide å tusle seg bort til teltet igjen om ein skulle rekke å ete frokost før middagen skulle lagast til. Etter eit par rundstykker vart det faktisk tid til litt avslapping før fiskane hamna på steikepanna der dei vart steikte i baconfett med godt krydder på. Det smaka himmelsk. Og til dessert vart det servert pannekaker med nyrørte blåbær som Sofus og Vimsa hadde sørga for. Det er nesten så ein kan få tårer i augene av tanken på slik god mat.

Stikkord:   · · · · · · ·

Middag på kanten av stupet

31. juli 2009 Ingen kommentarer

Sist helg drog Stuttfeiten med seg tre bakfulle svenske tjeier til fjells for å nyte storfegryte til middag. Nokre av oss hadde vore ute på fest heile natta til klokka 8 på morgonen, så det var ein delvis trøtt gjeng som labba seg oppover. Men pågangsmotet var der, og det gjekk greit oppover. Vel oppe på kanten ved Grisebotsvatnet gjekk vi på sørvestsida av vatnet i staden for å fortsette mot Børavatnet. Det var tørt og fint i marka, så det gjekk fint å hoppe over elva som renn frå vatnet og utfor kanten.

Stikkord:   ·

Hatlesetnipa juni 2009

25. juni 2009 Ingen kommentarer

Etter å ha kome heim frå ein flott tur gjennom Aurlandsdalen bestemte Stuttfeiten og Vimsa seg for å ta ein tur på Hatlesetnipa for å strekke litt på støle bein. Turen gjekk opp frå Grov, fyrst på skogsveg, og vidare på stien oppover gjennom skogen. Går du turen litt ut på sommaren, kan det vere […]

Stikkord:   · · · ·

På tur i Aurlandsdalen juni 2009

20. juni 2009 Ingen kommentarer

Vi hadde lenge snakka om å ta ein tur gjennom Aurlandsdalen, «Norge sitt svar på Grand Canyon», og i begynnelsen av juni var stunda komen. Turen starta egentlig i Bergen med ein tur på Koengen der Bruce Springsteen heldt hoff. Ut på kvelden etter at konserten var slutt køyrde vi til Aurland og tok inn […]

Stikkord:   · · · · ·

Fisketur til Litlevatnet

25. mai 2009 Ingen kommentarer

Her om dagen bestemte vi oss for at det var på tide med ein liten fisketur. Vi peila oss inn på vatna i Norddalsvassdraget (i Norddalsfjorden i Flora Kommune). Om det skulle bli Litlevatnet, Storevatnet eller Fessevatnet fekk vi sjå etter kvart. Vi skulle tross alt bere tungt sidan vi skulle vere vekke eit heilt […]

Stikkord:   · · · · · · · · · · · · ·

Havfiske ved Kinn

18. april 2009 Ingen kommentarer

Litt før kl. 8 kunne eg stige ombord i Isabel, ei flott skute som i vårsola denne morgonen skein som eit nybona parkettgolv. Jau, tenkte eg med meg sjølv, viss denne leigeskipperen vår har like mykje peiling på fiskeplassar og méd som han har på å stelle båten sin, så ligg vi temmelig bra an i dag! Vi stima oss ut mot opne havet med sola i ryggen og ein liten lufting frå nord i ansiktet. Utstyret vart gjort klart og egna. Rett sør for Reksta vart det gjort stopp, og snøra gjekk i vatnet straks etter halv ni. Det var fisk å sjå på ekkoloddet, så vi slepte ut på grunnare vatn og dreiv ut mot 140 m.

Stikkord:   · · · · · · · · · · ·

Svenske med ny norgesrekord – Kveite på 196 kg!

16. november 2008 Ingen kommentarer

Ulf Hugsen frå Sverige slost i ein og ein halv time før han fekk ombord ei kjempe-kveite ved Kvaløya i Troms. Med kveita som vart tatt på stang, målte 241 x 128 cm og vog 196 kr sette han ny norgesrekord og slo den gamle med 6 kg. Han knuste også sin tidlegare personleg rekord med 171,5 kg. Det kan kallast framgang!

Stikkord:   · · ·