Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Fisketur i regn og skodde

16. juni 2010 Ingen kommentarer

Det tok omtrent 40 minutt å sikre nok fisk til ein god middag på Børabu. Eg hadde ikkje med smør til å steike fisk, men ei god spansk choritzo i bitar på steikepanna gav fett nok til å få stekt ørret på bordet. Eg hadde heller ikkje salt og pepar med, men pølsa gav godt med smak også. Det vart eit strålandes måltid.

Stikkord:   · · · ·

Laredo – Snipp snapp snute

6. juni 2010 Ingen kommentarer

Turen avsluttar vi i Laredo, ca 45 min med buss fraa Bilbao. Her har vi hatt nokre dagar med sol, strand og masse god mat for aa pleie troette foeter og lade opp batteria foer vi reiser heim. Siste to dagane har det forresten ikkje vore mykje sol, men desto meir god mat. Om du […]

Stikkord:

Santiago de Compostela, Praza Obradorio

31. mai 2010 Ingen kommentarer

Framme! 29 grader og sekkepipemusikk. Det er godt aa vere i Spania i dag.

Stikkord:

Santiago de Compostela 5km

31. mai 2010 Ingen kommentarer

Monte de Gozo. 5 km igjen til Santiago 🙂

Stikkord:

Arzua til Pedrouzo

30. mai 2010 Ingen kommentarer

Etter ein kjapp frokost og sjekk av dagens veirmelding la vi i veg paa dagens etappe av Camino Frances. Det var nokre regndraapar i lufta daa vi starta, eller kanskje var det berre veldig tung morgonskodde. Men det skulle bli ein fin dag etter kvart. I begynnelsen gjekk vi gjennom ein litt Robin Hood-liknande Sherwoodskog. […]

Stikkord:

Palas de Rey til Arzua

30. mai 2010 Ingen kommentarer

Klokka halv seks loerdag morgon hadde dei to surkukane fraa kvelden foer toerka saapass opp at dei kunne begynne aa braake igjen. Dei lyste rundt seg med blinkande lykter og snubla likevel i sekkane sine. Skulle nesten tru dei proevde aa ta hevn ved aa vekke alle. Dei lukkast i alle fall med det. Men […]

Stikkord:

Portomarin til Palas de Rey

29. mai 2010 Ingen kommentarer

No begynner det aa kjennast i beina pÃ¥ slutten av dagen. Flott natur og god mat paa dei fleste kaféar langs vegen kan ikkje heilt smoere knirkande hofter og kne. Turen fredag vart litt over 26 km. Og sjoelv om vi var troette gjekk vi dei siste 5 km paa 50 min. Ny pers! Palas […]

Stikkord:

Sarria til Portomarin

29. mai 2010 Ingen kommentarer

23 km gjennom Galicia paa torsdag. Av dei 18 km oppoverbakke og 5 km bratt ned igjen. Nedoverbakken gjorde ikkje akkurat godt i knea men dei fekk slappe av heile natta i eit nytt, flott, reint herberge i Portomarin. Paa herberget traff vi igjen fleire av alle dei spesielle typane vi har moett paa turen. […]

Stikkord:

Astorga til O’Cebreiro og Sarria

27. mai 2010 Ingen kommentarer

Det har vore nokra dagar utan batteri paa fonen og energi til aa skrive, men vi kom pissblaute til den fantastiske landsbyen O’Cebreiro i forgaars kveld. Alt var vaatt, og ingenting toerka i loepet av natta der, saa i gaar var det toerkedag paa hotell i Sarria. Det gjorde godt baade for kropp og sjel […]

Stikkord:   · ·

Hospital de Orbigo til Astorga

23. mai 2010 Ingen kommentarer

I gaar var enda ein varm dag. Veldig varmt var det. Vi har ikkje termometer med oss, men haara paa armane mine kroella seg i varmen og har enda ikkje retta seg ut trass i ei iskald natt pÃ¥ herberget. Det er like kaldt om nettene som det er varmt om dagen. Astorga er ein […]

Stikkord:

Villar de Mazarete til Hospital de Orbigo

21. mai 2010 1 kommentar

Flat hoegslette, vegen var bein i strekker paa opp til 4 km, men likevel spennende aa gaa slik 900 moh. Kom tidleg paa herberget i dag og har dusja av oss litt solkrem. No er det litt klesvask igjen foer det blir litt middag. I natt skal vi sove paa Alberge San Miguel, eit stilig […]

Stikkord:

Leon til Villar de Mazarife

20. mai 2010 Ingen kommentarer

No har det vore lite gaaing siste dagane. Vi har reist med buss fraa Santo Domingo til Burgos og saa vidare til Leon. No er det lunch i Virgin de Camino, ein forstad til Leon. I loepet av dagen skal vi vidare til Villar de Mazarife. Ein landsby med 400 innbyggjarar og ein fruktbutikk som […]

Stikkord:

Gratulerer med dagen! Najera til Cirinuela

17. mai 2010 1 kommentar

I dag hadde vi 17.mai-luksusfrokost pÃ¥ ein kafé i Najera foer vi la i veg. Smoerbroed med serranoskinke og tomat, chorizo og omelett. Ikkje berre vart det ein toerr etappe (lange strekker utan vatn), men den vart varm ogsaa. Det small til med fint veir og i foelge husverten vaar i dag er det meldt […]

Stikkord:

Navarrete til Najera

17. mai 2010 Ingen kommentarer

Det var igjen ganske kjoelig og mykje vind om morgonen. Vi aat frokost utanfor kirka daa ein eldre mann kom og helsa paa. Han meinte vi burde gaa inn i kirka og ete frokosten vaar der i staden for aa sitte ute aa fryse. Sjoelv om vi egentlig var ferdige med maten tok vi oss […]

Stikkord:

Viana til Navarrete

16. mai 2010 1 kommentar

Naar vi vakna loerdagen var veiret omtrent som det brukar aa vere paa Stad 17. mai: kaldt og rasande nordavind fraa alle kantar. Men med litt regnkle som brynje mot vinden holdt vi varmen likevel. Fraa Viana gjekk turen nedover dalen mot Logrono. Vi stoppa ved elva og hadde ei god frokostpause. Eg trur knapt […]

Stikkord: