Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Arzua til Pedrouzo

30. mai 2010 av Stuttfeiten


Etter ein kjapp frokost og sjekk av dagens veirmelding la vi i veg paa dagens etappe av Camino Frances. Det var nokre regndraapar i lufta daa vi starta, eller kanskje var det berre veldig tung morgonskodde. Men det skulle bli ein fin dag etter kvart. I begynnelsen gjekk vi gjennom ein litt Robin Hood-liknande Sherwoodskog. Det var nesten som om vi venta paa at ei pil skulle slaa inn i ei trestamme og varsle oss om at Robin og hans lystige menn var klare til aa knabbe gullet vaart. Etter kvart letta skodda, og det var varmt og godt daa vi tok fyrste pausa paa ein kafe ved vegen. Der var det ganske folksamt. Det velta inn busslaster med folk som gjekk med fullt utstyr. Stav, kamskjell og tskjorter med navnet til turarrangoeren dei reiste med. Ei frue spaserte forbi oss med ein trillekoffert paa slep etter seg. Til og med ein flokk kyr gjekk forbi i retning Santiago. Det vart meir og meir eukalyptustre, furu og palmar i skogen. Og samtidig begynte sola aa bryte gjennom skyene. Med den raudbrune jorda var det berre koalabjoernar som mangla for aa gje inntrykk av ein skogtur i Australia. Den Store Kloke Boka sa at turen gjekk gjennom flatt terreng. Men ingen av alle dei opp- og nedoverbakkane vi gjekk var av dei flataste eg har sett 🙂 Ein fin dag var det uansett med solskin og bra varme siste halve dagen. Ca 20 km i dag og omtrent det same igjen inn til Santiago i morgon. Det naermar seg slutten paa ein lang tur.

Kategori: Camino de Santiago
Stikkord: Ingen kommentarar.

Har du noko å sei om denne saka?

0 svar til no ↓

  • Her er det ingen kommentarar endå....Lat snøballen begynne å rulle ved å fylle ut skjemaet.