Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Saker fra september 2009

Fem dagar i Rondane i september 2009

22. september 2009 Ingen kommentarer

Fredagen kom og Vimsa gikk. På tur opp Rondhalsen med kamera og matpakke i lomma. Sidan ho fortsatt var sprek som ein fole såg ho ikkje så mørkt på bakkane opp og nedover som eg gjorde. Eg tok i staden med meg fiskestonga og gjekk opp til Fremre Illmannstjønne for å prøve fiskelykka. Den var ikkje spesielt stor, så etter eit par timar trakka eg ned igjen til Lonin der eg fekk to ørretar i utoset til bekken frå vatnet eg kom frå. Eine ørreten var veldig liten, kanskje 65 gram, og sidan den ikkje såg ut til å ha fått noko varige mein av å bite på kroken, sette eg den ut igjen. Den andre ørreten eg fekk var endå mindre, rundt 40 gram, så den kasta eg også ut igjen i vatnet.

Stikkord:   · · · · · · · · · · · · ·