Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Saker fra august 2009

Fisketur til Langesjøvatnet på Ålfotfjellet

25. august 2009 Ingen kommentarer

To timar etterpå hadde eg fire fine ørretar på land, samt minnet om to som kom seg av kroken. Det var på tide å tusle seg bort til teltet igjen om ein skulle rekke å ete frokost før middagen skulle lagast til. Etter eit par rundstykker vart det faktisk tid til litt avslapping før fiskane hamna på steikepanna der dei vart steikte i baconfett med godt krydder på. Det smaka himmelsk. Og til dessert vart det servert pannekaker med nyrørte blåbær som Sofus og Vimsa hadde sørga for. Det er nesten så ein kan få tårer i augene av tanken på slik god mat.

Stikkord:   · · · · · · ·