Sist helg drog Stuttfeiten med seg tre bakfulle svenske tjeier til fjells for å nyte storfegryte til middag. Nokre av oss hadde vore ute på fest heile natta til klokka 8 på morgonen, så det var ein delvis trøtt gjeng som labba seg oppover. Men pågangsmotet var der, og det gjekk greit oppover. Vel oppe på kanten ved Grisebotsvatnet gjekk vi på sørvestsida av vatnet i staden for å fortsette mot Børavatnet. Det var tørt og fint i marka, så det gjekk fint å hoppe over elva som renn frå vatnet og utfor kanten.
Saker fra juli 2009
Middag på kanten av stupet
31. juli 2009 Ingen kommentarer
Stikkord: Grisebotsvatnet · Haukåvatnet