Fisketur

Om fiske, friluftsliv og kanskje litt om jakt.

Fisketur i regn og skodde

16. juni 2010 av Stuttfeiten
Svar

Turen var tenkt å gå til Haukåbøra, men skodde og ein masse vak i eit lite vatn mellom Grisebotsvatnet og Børavatnet gjorde at eg ombestemte meg. Turen vart til ein fisketur i staden (flaks at fiskestanga og slukboksen låg i sekken!). Det tok omtrent 40 minutt å sikre nok fisk til ein god middag på Børabu. Eg hadde ikkje med smør til å steike fisk, men ei god spansk choritzo i bitar på steikepanna gav fett nok til å få stekt ørret på bordet. Eg hadde heller ikkje salt og pepar med, men pølsa gav godt med smak også. Med heimebakt brød vart det eit strålandes måltid. [Les heile historia →]

Laredo – Snipp snapp snute

6. juni 2010 av Stuttfeiten
Svar


Turen avsluttar vi i Laredo, ca 45 min med buss fraa Bilbao. Her har vi hatt nokre dagar med sol, strand og masse god mat for aa pleie troette foeter og lade opp batteria foer vi reiser heim. Siste to dagane har det forresten ikkje vore mykje sol, men desto meir god mat. Om du har nokre veker ferie tilgode som du ikkje veit korleis du skal bruke opp, saa kan ein spasertur i Spania vere eit godt alternativ til ein chartertur. Kanskje tom eit billegare alternativ. God tur, buen camino!

Santiago de Compostela, Praza Obradorio

31. mai 2010 av Stuttfeiten
Svar


Framme! 29 grader og sekkepipemusikk. Det er godt aa vere i Spania i dag.

Santiago de Compostela 5km

31. mai 2010 av Stuttfeiten
Svar


Monte de Gozo. 5 km igjen til Santiago 🙂

Arzua til Pedrouzo

30. mai 2010 av Stuttfeiten
Svar


Etter ein kjapp frokost og sjekk av dagens veirmelding la vi i veg paa dagens etappe av Camino Frances. Det var nokre regndraapar i lufta daa vi starta, eller kanskje var det berre veldig tung morgonskodde. Men det skulle bli ein fin dag etter kvart. I begynnelsen gjekk vi gjennom ein litt Robin Hood-liknande Sherwoodskog. Det var nesten som om vi venta paa at ei pil skulle slaa inn i ei trestamme og varsle oss om at Robin og hans lystige menn var klare til aa knabbe gullet vaart. Etter kvart letta skodda, og det var varmt og godt daa vi tok fyrste pausa paa ein kafe ved vegen. Der var det ganske folksamt. Det velta inn busslaster med folk som gjekk med fullt utstyr. Stav, kamskjell og tskjorter med navnet til turarrangoeren dei reiste med. Ei frue spaserte forbi oss med ein trillekoffert paa slep etter seg. Til og med ein flokk kyr gjekk forbi i retning Santiago. Det vart meir og meir eukalyptustre, furu og palmar i skogen. Og samtidig begynte sola aa bryte gjennom skyene. Med den raudbrune jorda var det berre koalabjoernar som mangla for aa gje inntrykk av ein skogtur i Australia. Den Store Kloke Boka sa at turen gjekk gjennom flatt terreng. Men ingen av alle dei opp- og nedoverbakkane vi gjekk var av dei flataste eg har sett 🙂 Ein fin dag var det uansett med solskin og bra varme siste halve dagen. Ca 20 km i dag og omtrent det same igjen inn til Santiago i morgon. Det naermar seg slutten paa ein lang tur.

Palas de Rey til Arzua

30. mai 2010 av Stuttfeiten
Svar


Klokka halv seks loerdag morgon hadde dei to surkukane fraa kvelden foer toerka saapass opp at dei kunne begynne aa braake igjen. Dei lyste rundt seg med blinkande lykter og snubla likevel i sekkane sine. Skulle nesten tru dei proevde aa ta hevn ved aa vekke alle. Dei lukkast i alle fall med det. Men sidan vi var vakne og hadde ein lang tur framfor oss var det like greit aa ta morgonstellet og kome seg i veg. 30 km venta paa oss. Mykje av turen gjekk gjennom eukalyptusskog med ein og annan palme her og der. Vi kryssa mange smaa elvedalar saa sjoelv om landskapet var ganske flatt vart det ein del motbakkar. Trass i ein lang spaghettistopp i Melide, der dagens bilde er fraa, vart turen lang. Vi var temmelig sletne daa vi kom fram til Albergue Don Quijote i 7-tida om kvelden. Nytt fint herberge med gode sengar og beste kvila heile turen.

Portomarin til Palas de Rey

29. mai 2010 av Stuttfeiten
Svar


No begynner det aa kjennast i beina på slutten av dagen. Flott natur og god mat paa dei fleste kaféar langs vegen kan ikkje heilt smoere knirkande hofter og kne. Turen fredag vart litt over 26 km. Og sjoelv om vi var troette gjekk vi dei siste 5 km paa 50 min. Ny pers! Palas de Rey har kanskje sett ut som eit kongepalass ein gong, men ikkje i dag. No er det ein vanleg smaaby med eit og anna falleferdig hus, gamle koner paa benken paa torget og graa bustadblokker. Herberget Buen Camino er ganske nytt. Vi fekk dei to siste ledige plassane og vart viste til koeyene vaare. Vi tok tidlig kveld, men det var det ikkje alle som gjorde. Kl halv elleve vart vi vekte av to pilegrimar som hadde brukt kvelden til aa drikke vin i staden for aa vaske sokkane sine og pusse tenner. Sokkane veit eg ikkje heilt, men dei hadde jaffal ikkje pussa tennene sine. Dei paastod temmelig hardnakka at Vimsa hadde knabba senga til den eine av dei. Vi proevde aa forklare dei at det var tullprat og at De Herrer vennligst maatte ta det opp med verten om dei meinte at det hadde skjedd ein misforstaaelse i staden for aa vekke eit heilt herberge med falske og hoegst haarreisande anklagar. Tullingane ville ikkje hoeyre etter før ein svaer tysker i nabokoeya trua med aa staa opp. Trur det var fleire enn han som var galen etter kvart. Men gemyttane roa seg, eine svirebroren sov på golvet og roa senka seg til slutt. For fisketur.net i Spania: Stuttfeiten og Vimsa.

Sarria til Portomarin

29. mai 2010 av Stuttfeiten
Svar


23 km gjennom Galicia paa torsdag. Av dei 18 km oppoverbakke og 5 km bratt ned igjen. Nedoverbakken gjorde ikkje akkurat godt i knea men dei fekk slappe av heile natta i eit nytt, flott, reint herberge i Portomarin. Paa herberget traff vi igjen fleire av alle dei spesielle typane vi har moett paa turen. Mykje merkelig folk som rek langs vegen her 🙂 Fekk vaska litt kle ogsaa!

Astorga til O’Cebreiro og Sarria

27. mai 2010 av Stuttfeiten
Svar

Det har vore nokra dagar utan batteri paa fonen og energi til aa skrive, men vi kom pissblaute til den fantastiske landsbyen O'Cebreiro i forgaars kveld. Alt var vaatt, og ingenting toerka i loepet av natta der, saa i gaar var det toerkedag paa hotell i Sarria. Det gjorde godt baade for kropp og sjel aa ta paa seg klede som var toerre og som tom lukta saape (bra vaskeservice paa hotella her). Hadde som sagt ikkje batteri til aa ta bilde, saa dei faar komme seinare ein gong. (eller soek paa O'Cerbreiro paa google images og sjaa blider no?)

Hospital de Orbigo til Astorga

23. mai 2010 av Stuttfeiten
Svar


I gaar var enda ein varm dag. Veldig varmt var det. Vi har ikkje termometer med oss, men haara paa armane mine kroella seg i varmen og har enda ikkje retta seg ut trass i ei iskald natt på herberget. Det er like kaldt om nettene som det er varmt om dagen. Astorga er ein gamal by, med 12000 innb og massevis med romerske ruinar rundt om i byen. Katedralen og Palacio de Gaudi i soloppgang i dag tidleg var ogsaa flott aa sjaa. No gaar turen vidare mot Ponferrada der vi haapar aa finne eit herberge som har tepper til solbrende nordmenn paa tur.

Villar de Mazarete til Hospital de Orbigo

21. mai 2010 av Stuttfeiten
Svar


Flat hoegslette, vegen var bein i strekker paa opp til 4 km, men likevel spennende aa gaa slik 900 moh. Kom tidleg paa herberget i dag og har dusja av oss litt solkrem. No er det litt klesvask igjen foer det blir litt middag. I natt skal vi sove paa Alberge San Miguel, eit stilig herberge med masse maleri og friske fargar overalt. Det luktar tomatsaus gjennom heile huset. Virkar som om pasta er populaert blandt folk som gaar mykje. De kan sjekke korleis vi bur paa http://www.alberguesanmiguel.com Veiret i dag: sol, har ikkje sett ei sky for heile dagen. Varmt, veldig varmt. Vassforbruk ca ganske mange liter.

Leon til Villar de Mazarife

20. mai 2010 av Stuttfeiten
Svar


No har det vore lite gaaing siste dagane. Vi har reist med buss fraa Santo Domingo til Burgos og saa vidare til Leon. No er det lunch i Virgin de Camino, ein forstad til Leon. I loepet av dagen skal vi vidare til Villar de Mazarife. Ein landsby med 400 innbyggjarar og ein fruktbutikk som heiter Frutas de Camino de Santiago.

Gratulerer med dagen! Najera til Cirinuela

17. mai 2010 av Stuttfeiten
Svar


I dag hadde vi 17.mai-luksusfrokost pÃ¥ ein kafé i Najera foer vi la i veg. Smoerbroed med serranoskinke og tomat, chorizo og omelett. Ikkje berre vart det ein toerr etappe (lange strekker utan vatn), men den vart varm ogsaa. Det small til med fint veir og i foelge husverten vaar i dag er det meldt sol og varme heile veka 🙂 Solkremen kom endeleg til nytte! Vi delte vegen med ein gjeng danske charterpilgrimar (ber vassflaskene sine sjoelve mens bussen koeyrer koffertane fraa by til by og hotell til hotell), og proevde oss paa aa snakke litt om den norske nasjonaldagen, men dei var ikkje vidare interesserte i det. Vi gjekk over aasar og gjennom dalar her i fantastiske Rioja og hadde oss kaffipause i Azofra. Der fekk vi ogsaa handla oss broed og ost. Ettermiddagsrasten vart paa ein rasteplass midt i det som maa vere den stoerste kveiteaakeren vi vestlendingar har sett. No er vi paa Albergue Virgin de Cuadalope, eit lite blaatt herberge med ein vert som laga middag til oss (noko groent med poelsebitar nedi) og som tok paa seg tenna foer han serverte oss. Epler og yoghurt til dessert. Det er trivelig aa vere paa tur! Trur ikkje eg har vore i seng saa tidlig paa 17.mai nokon gong foer. Gratulerer med vel øverstaatt der heime!

Navarrete til Najera

17. mai 2010 av Stuttfeiten
Svar


Det var igjen ganske kjoelig og mykje vind om morgonen. Vi aat frokost utanfor kirka daa ein eldre mann kom og helsa paa. Han meinte vi burde gaa inn i kirka og ete frokosten vaar der i staden for aa sitte ute aa fryse. Sjoelv om vi egentlig var ferdige med maten tok vi oss ein tur inn. Det var ei flott kirke vi kom inn i, og sjoelv om dei slo av lyset gnistra det i forgylte utskjeringar overalt. Soeylene som bar taket gav ei katedralstemning over kirka. I Ventosa aat vi ein kjempegod "menu del dia" med spaghetti og filet av lam. Veiret vart betre og betre utover dagen og daa vi kom oss i hus i Najera kjende eg at eg ikkje kunne ha sola meg saa mykje lenger utan smurning. Blir det shortsveir paa neste etappe?

Viana til Navarrete

16. mai 2010 av Stuttfeiten
Svar


Naar vi vakna loerdagen var veiret omtrent som det brukar aa vere paa Stad 17. mai: kaldt og rasande nordavind fraa alle kantar. Men med litt regnkle som brynje mot vinden holdt vi varmen likevel. Fraa Viana gjekk turen nedover dalen mot Logrono. Vi stoppa ved elva og hadde ei god frokostpause. Eg trur knapt det finst ein betre maate aa starte dagen paa enn med choritzo, ost og ein kopp god vin (men ser for meg at eg kan faa forklaringsproblem om eg blir stoppa i Brandsoeya etter ein slik start paa arbeidsdagen heime). Paa veg ned mot Logrono sentrum vart vi inviterte inn til ei gammal dame for aa faa stempla passa vaare og drikke ein kopp kaffi. Det var ei kjaerkomen unnskyldning til aa ta av seg sekken. Like utanfor Logrono passerar ein grensa mellom Navarra og La Rioja. Logrono er ein stor by og hovedstad i La Riola, men det virka som dei har ikkje mykje gul maling til overs for aa merke stien med dei etter kvart kjende gule pilene. Med hjelp av ein bryllaupsgjest utanfor ein restaurant fann vi likevel vegen ut av byen. Dei neste 12 km gjekk vi berre og kosa oss. Det var saa mykje aa ta bilde av at vi knapt merka at vi gjekk opp ein mordarbakke. I 7-tida kom vi til Navarette, nok ein postkort-landsby med gamle hus. Det var berre 3 ledige sengar daa vi kom til herberget og eg trur dei to svenske gutane som kom like etter oss angra paa at dei ikkje gjekk forbi oss.